Mykje av dei beste jordviddene i Fjærland var på 1600- og 1700-talet eigd av rikmannsslekter og futar. På Bøyum vart garden i 1650 pantsett eller selt til lektor Per Lem og kona Abel Ludvigsdotter Munthe.
Både Lem og Munthe-slekta er kjende som store jordeigarar i Sogn og Sunnfjord. Heilt fram til 1775 eigde folk frå Munthe-slekta i Kroken gardar i Fjærland.
I 1686 vart Bøyum kjøpt av Sogne-futen
Hans Blix som budde på Flesje i Balestrand. Det var etterkomarane til Blix som seinare delte opp Bøyum-garden og selde ut til brukarane.
Den store garden Våtevik på austsida av dalen var på 1600-talet eigd av den styrtrike presten
Peder Jørgenson Finde i Førde.
Gjennom arv og giftarmål gjekk garden over til presten
Iver Erikssøn Leganger i Vik. Gjennom inngifte i denne slekta var Våtevik også ei tid kring 1760 eigd av folk frå Heiberg-slekta på Øvre Amla.
På 1700-talet finn vi også futen Peder Leganger som eigar av gardar på vestsida i Fjærland (sjå:
Kjende personar i Balestrand fødde før 1850).
På slutten av 1600-talet var Lars Bårdson gardbrukar på Bjåstad i Fjærland. Han var både kranglevoren og langfingra, og i heimbygda truga han med å drepe ein granne med kniv.
I gamle dagar var folk tydeleg meir prosesslystne enn i dag.