SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogndal:

Sogndalsfjøra skiftar andlet

Sogndalsfjøra på 1880-talet. (Foto © Fylkesarkivet)
Sogndalsfjøra på 1880-talet. (Foto © Fylkesarkivet)
Ut over 1800-talet skifta Sogndalsfjøra etter kvart karakter til eit meir mangslunge bygdesenter. I 1849 vert det nemnt at det bur omlag 500 menneske på staden. På denne tida auka talet på handverkarar sterkt, og kom opp i 48 registrerte handverkarar i 1848. Midt 1800-talet hadde Sogndalsfjøra kvitta seg med stempelet som "bygdeslum" og fattigkvarter.

Publisert 15.04.2003 09:23. Oppdatert 10.06.2003 14:08.
I 1841 fekk Sogndal den første banken på landsbygda på Vestlandet, då Sogndal Sparebank vart skipa. Men det er likevel merkeleg at langt ut på 1800-talet hadde "bygdesenteret" berre ein kjøpmann - på Hofslund - og så seint som i 1865 er det berre 8 personar som er registrerte som sysselsette i handel. I 1873 kom så den kundeeigde Sogndal Spareforening med si forretning til, og andre handlande starta på same tid.

Gav arbeid til mange

Fyrstikkfabrikken på Foss gav viktige arbeidsplassar. (Foto © Fylkesarkivet)
Eit viktig tiltak som gav strandsitjaraane arbeid og inntekter, var då svensken August Sjøberg kom til bygda i 1855 og starta Sogndal Tændstikfabrik ved fossen i Sogndalselva. Her fekk fattigfolk frå Fjøra i arbeid - både menn, kvinner og born. I 1875 arbeidde det 30 menn og 38 kvinner ved fabrikken. Sjølv om kjemikalia både var giftige og ekstremt brannfårlege, var det vanleg at arbeidsfolket tok med seg "heimearbeid" ned til Fjøra, der dei sat og pakka dei eldsfårlege fyrstikkene i den tettbygde husklynga.

Ny tid med båtrutene

Gjestgiveriet på Fossetunet i 1860. (Foto © Fylkesarkivet)
Amtsbaatane (Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) opna for ei ny tid med lettare varebyte og turisme, og Sogndal kom med på ruteplanen heilt frå starten av rutene i 1858. Gjestgiveriet på Fossetunet vart erstatta med hotell, og ved Sogndalselva kom det både mølle og ullvarefabrikk. I 1893 byggde hotelleigar Danielsen det første meieriet i bygda. Bygdesenteret fekk elles både urmakar, fotograf, slaktar og blikkenslagar før hundreåret var ute.

Sjå også:
· Industri og næring i Sogndal
Hovudside:
· Strandsitjarstaden Sogndalsfjøra


MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no