SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogndal:

Sogndal vert skulestad

Sogndal sentrum. (Foto: NRK © 1997)
Sogndal sentrum. (Foto: NRK © 1997)
Alt tidleg på 1800-talet vart det starta "samtaleselskap" i Sogndal, men denne "skulen" var reservert ungane til den vesle "sosietéten" i bygda.

Publisert 15.04.2003 09:38. Oppdatert 13.06.2003 12:32.
Kring 1860 fekk Sogndalsfjøra sin første "ålmenskule" utanom folkeskulen. Då starta betrestilte kvinner i bygda ein husflidsskule for fattigjenter som budde i sjølve Fjøra. Denne skulen hadde opptil 24 elevar om gongen, og vart driven til ut på 1870-talet.

Jordbruksskule

Frå 1846 dreiv fylket ein jordbruksskule på Vestreim, og Martin Luther Storm dreiv seinare sin private jordbruksskule på Loftesnes. Men begge desse jordbruksskulane var i drift berre få år og låg utanfor tettstaden.

Gjennombrot med folkehøgskulen

Jakob Liv Rosted Sverdrup. (Foto © Fylkesarkivet)
Det store gjennombrotet som skulestad fekk Sogndalsfjøra først i 1871, då presten og folkeopplysningsmannen Jakob Liv Rosted Sverdrup starta Sogndal folkehøgskule. Svært mange framståande personar innan samfunns- og åndsliv i Sogn og Fjordane på slutten av 1800-talet vart prega av skuletida si ved Sogndal Folkehøgskule.
I Sogndal var Sverdrup også ordførar og direktør for sparebanken i fleire år før han i 1878 vart sokneprest i Leikanger og seinare politikar og statsråd i Oslo.

- Om nyare skular som realskule, handelsskule, yrkesskule, gymnas og høgskule - sjå: Skular i Sogndal.

Starta aviser

Sogndal styrkte også sin posisjon som kulturelt senter då det i 1892 vart starta eit blad som heitte "Bergenhus Folketidende". Jens Kvaale starta også sitt eige blad "Ungdom" i 1896. Seinare kjøpte han forlagsretten til Venstrebladet Sogns Tidend og flytta bladet frå Lærdal til Sogndal i 1904. Sjå: Aviser og media i Sogndal.

Hovudside:
· Strandsitjarstaden Sogndalsfjøra


MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no