Når turistane steig i land frå dei flytande hotella, sto fjærlendingane på rekkje og rad innetter strandvegen med vevnader og souvenirartiklar som dei baud fram for sal.
Hotellvertinna
Brita Dahle (f. Mundal) hadde gått på vevkursa som den seinare statsministerfrua
Randi Blehr skipa til i Lærdal på 1870-talet. Her var
Kjerstina Vangsnes lærar. Brita Dahle lærte opp tenestejentene på hotellet i veving. Dei fekk såleis heilårsarbeid ved at dei arbeidde i vevstova hennar utanom turistsesongen. Ofte kunne det sitje sju jenter side om side i oppstadvevstolane i Fjærland for å veve spesielle teppe på 5-7 meters lengde.
I alt vart det i tida frå 1899 til 1914 registrert 66 lokale produsentar til souvenirkiosken som
Mundal hotell dreiv. Av desse var 13 kvinner. Også biletveverske
Brita Hønsi frå Vik leverte arbeid for sal gjennom hotellet i Fjærland. Fjærlands-kvinner reiste også til Gudvangen for å selje vev og andre souvenirar i turistsesongen.