Den første offentlege legetenesta i Sogn vart organisert i 1802, og dei første åra var I. F. With lege i det store distriktet.
|
Dokter Chr. A. Stang. |
Den første legen busett i Sogndal var Teodorius Leopoldius Brinchen (f. 1790), som kom til Sogndal på den tida då det vesle sjukehuset kom i drift i Sogndalsfjøra - dvs. kring 1819 -
Amtssjukehuset i Sogndalsfjøra. Han vart avløyst av A. H. L. Istad i 1825. Istad vart verande som lege i Sogndal til 1838, då sjukehuset vart lagt ned.
Sjukehuset vart selt, og den tredje legen i Sogndal, Chr. A. Stang, budde i huset fram til 1848. Det er uvisst om det var han eller handelsmann Foss (sjå
Danielsens Hotell) som då eigde det tidlegare sjukehusbygget.
Fleire legedistrikt
På 1840-talet vart Sogn delt i eit indre og eitt ytre legedistrikt. I. W. Aall vart distriktslege i ytre Sogn, og Stang for indre Sogn. Etter
|
Distriktslege Christian August Engh. |
Stang kom Christian August Engh som lege for indre Sogn. Han var ein av fire offentlege legar i fylket, og vart buande i Sogndal til han døydde i 1894.
I 1858 vart så midtre Sogn skilt ut som eige legedistrikt med P. I. F. A Hirsch som distriktslege der. Det skulle gå mange år før kvar kommune fekk sin eine distriktslege.
Såleis vart Sogndal og Hafslo verande eitt legedistrikt heilt fram til 1922, då
Ludvig Trædal vart distriktslege berre for Sogndal.
Distriktslegane vart fylkeslegar
I 1922 flytta
Ludvig Trædal til Sogndal som distriktslege, og i 1925 vart han engasjert på deltid som den første fylkeslegen i Sogn og Fjordane. Denne deltidsstillinga hadde Trædal til 1947. Trædal ivra sterkt for at det vart bygt sjukestover i kvar kommune i fylket, og nokre slike vart bygde i regi av lokale helselag.
Kombinasjonen med å vere fylkeslege og distriktslege i Sogndal vart då "arva" av etterfylgjaren H. J. Blaauw, som fungerte som fylkeslege fram til 1966. Då kom
Rolf Hegbom.
Bygdedokteren
I Sogndal budde det i siste halvdel av 1800-talet ein kar som dei kalla "Dalåkeren". Han dreiv ei lita handelsbu i Fjøra i området som vert kalla "Jeriko", og reparerte også klokker. I tillegg var han "bygdedokter". Til han kunne folk gå for å bli "koppa" -dvs. trekkje ut blod for å "reinse" kroppen, og for å få trekt vonde tenner.