SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogndal:

Fotballaget Sogndal

Sogndal spelar i svarte og kvite drakter. (Foto: NRK)
Sogndal spelar i svarte og kvite drakter. (Foto: NRK)
Sogndal Idrettslag - S.I.L. - vart skipa i 1926.
Elitelaget til Sogndal Fotball er eit av dei sportslege flaggskipa på Vestlandet.

Publisert 25.04.2003 11:32. Oppdatert 17.06.2003 14:41.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Heilt sidan Sogndal kom til cupfinalen i 1976, har laget spela jamnt i toppseriane. Gjennom målmedviten rekruttering og trening har laget heilt frå midten av 1970-talet vore leverandør av spelarar både til A-landslaget og ungdomslandslaget på herresida.

Laget driv ei mengd baner og idrettsanlegg, og særleg etter at Sognahallen kom i 1998 har fotball og idrett vorte ein viktig næringsveg i bygda.

Vegen mot toppen

Den første gongen Sogndal-fotballen viste at den hadde retteleg tò i seg, var då laget spela seg til 3. runde i cupen i 1968. I 1972 spela laget seg opp frå 3. til 2. divisjon, men rykte ned att i 1974.
I 1976 rykte laget opp att i 2. divisjon, og med eit mannskap som også var rekruttert frå aktive fotballmiljø kring Dalsfjorden i Sunnfjord, spela Sogndal seg heilt til cupfinalen same året.

Cupfinaleåret 1976

Frå cupfinalen 1976. (Foto: NRK)
På Ullevål tapte Sogndal Noregs-meisterskapet mot Brann med 1-2 - sjå video på denne sida. Sogndal sitt eine mål vart scora av Knut Christansen.
Dei som var med på det legendariske cup-finalelaget var: Ingvar Stadheim, Johan Johannessen, Torodd Helle, Rolf Navarsete, Magdalon Sætre, Knut Christiansen, kaptein Svein Bakke, Willy Ljøsne, Leon Hovland, Jon Navarsete og Gunnar Sigmar Håre.

Sogndal mellom elitelaga

S.I.L. spela seg opp i 1. divisjon i 1981, men rykte ned etter sesongen 1982. I åra 1983-1987 låg likevel laget i toppen av 2. divisjon.
I åra frå og med 1988 har Sogndal spela i toppserien 1. divisjon i 1988, 1989 og 1990.
Etter at toppserien vart omdøypt til "tippeligaen"/eliteserien i 1991 og divisjonen under vart 1. divisjon, har Sogndal spela i tippeligaen i 1991, 1992, 1. divisjon 1993, tippeligaen 1994, 1. divisjon 1995 og 1996, tippeligaen i 1997 og 1998, 1. divisjon 1999 og 2000, og tippeligaen 2001, 2002 og 2003.

Landslagsspelarar på rekkje og rad

Landslagsspelarar som har vore fotballspelarar i SIL: Svein Bakke, Lasse Opseth, Frode Grodås, Jostein Flo, Håvard Flo, Tore André Flo og Eirik Bakke. Tommy Øren har òg spela på A-landslaget, men kampen vart ikkje registrert som offisiell landskamp.

Av framståande fotballtrenarar som har sin bakgrunn som spelarar i SIL, er Ingvar Stadheim og Harald Aabrekk dei mest kjende. Stadheim var m.a. trenar og sjef for det norske landslaget frå 1988-1990. Harald Aabrekk har hatt ansvaret for U21- landslaget og vore assisterande landslagssjef for A-landslaget.

Sogndal-supporter på Fosshaugane. (Foto: NRK)

Sogndal IL Fotball

Den omfattande fotballaktiviteten gjorde at Sogndal IL Fotball vart skipa som ei eiga juridisk eining. Dette allianseidrettslaget har ansvaret for all fotballaktivitet i Sogndal.

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no