Yngve Hallén vart dagleg leiar, og
Svein Bakke sportsdirektør. Trond Fylling fekk ansvaret som sportsleg leiar, m.a. for Sogndal tekniske Fotballskule. Anleggsansvarleg vart
Knut Christiansen.
Fleire fotballbaner
Hovudarenaen for elitelaget har vore Fosshaugane, som er eigd av fotballselskapet sjølv. Anlegget har plass til kring 5.000 tilskodarar, men greidde å presse inn over 7.000 skodelystne under kvartfinalekampen mot Start i 1976.
Sogndal Stadion på Kvåle er eit sameige mellom kommunen og Sogndal IL Fotball. På Hafslo har klubben bygt opp eit stort trengingsfelt med fleire fotballbaner.
Spelarinntekter
Sogndal IL Fotball har hatt store inntekter på sal av spelarar til utlandet. Den hittil største summen vart betalt då
Eirik Bakke gjekk til den engelske klubben Leeds United i 1999 for 40 millionar kroner.
|
Saftkokaradn på Fosshaugane. (Foto: NRK) |
Saftkokaradn
Laget har også eigen supportarklubb som kallar seg "Saftkokaradn".