1699
I 1699 vart eit heilt gardstun på Ødejord i Fjærland teke av snøras. Husbonden og dei fleste som budde på garden og alt bufeet strauk med, berre kona på garden og stesonen hennar overlevde. Etter ulukka vart husa flytta lengre fram i dalen.
1785
I 1785 drukna ni menneske i eit brurefylgje ved Kjørnes då robåten deira vart kasta rundt i stormen. Dei omkomne var frå Kaupangerskogen og var på veg til kyrkja på Stedje då ulukka hende.
1801
I 1801 vart ein mann frå Fjærland drepen av bjørn under bjørnejakt i Supphelledalen. Sjå
Bjørn drap mann i Fjærland.
Skredvinteren i 1811
Vinteren 1811 var ein av dei verste ulukkesvintrane som ein kjenner til på Vestlandet. Den verste ulukka hende i Arnafjorden, sjå:
Skredet i 1811 tok 45 menneskeliv.
På Viki ved Fjærlandsfjorden tok eit stort skred med seg alle dei sju gardshusa. Ein tenestedreng vart drepen og ei jente vart hardt skadd. Dei fire andre i husa kom seg
toleg bra frå ulukka, men både jordvegen og alt på garden var øydelagt.
1825
I 1825 drukna ei ungjente og to unge gutar frå Kvåle ved Kjørnes då dei skulle ro over fjorden med ei last lyng.
ca. 1830
Kring 1830 reiv eit snøskred stova av murane på ein gard på Tufte i Fjærland. Folket måtte berge seg ut ljoren. Stova vart flytta, men vart no teken av ein vassflaum. Etter denne hendinga flytta huslyden til Amerika i 1856.
Skredulukka i Øvstedalen ved Fardal i 1836 er ein av dei største naturkatastrofane som har råka Sogn i nyare tid. 16 menneske omkom.
1836
I 1836, på same tid som ulukka på Vatlestad, omkom to menneske då husa på garden tuftene i Mundal vart tekne av eit snøras.
Ca. 1850
Ca. 1850 omkom to unge brør frå garden Våtevik i Fjærland då tunet på garden Øygard vart råka av eit snøskred.
1855
I 1855 drukna ei kone frå Mundal i Fjærland då sjøisen brotna under kjelken ho sat på. Ektemannen som drog kjelken, berga seg, men 4 born vart morlause.
I 1873 miste fire menneske på ein plass ved Øyrahagen i Øvstedalen livet i eit jord- og snøskred.
1910
I 1910 omkom ein tysk marineoffiser i Fjærland då han fall utfor eit fjell på sørsida av Bøyadalen. Løytnanten, som var i den tyske keisar Wilhelm II sitt fylgje, gjekk seg utfor etter ein bretur saman med nokre soldatkameratar. Stader der han fall utfor, vart sidan kalla Tyskarbotn, og fjellet austafor for Tyskarnipa. På grava hans i Fjærland er sett opp ein minnestein med innskrift om ulukka.
I 1910 drukna ein mann frå Romøyri etter kollsigling på Fjærlandsfjorden.
1923
I 1923 drukna tre gutar frå Fjærland då robåten dei sat i vart treft av bylgjene frå rutebåten "Kvamsøy" og kantra. Ein fjerde gut ombord berga seg på båtkvelvet.
Rasvinteren 1928
Tidleg i februar fall det 1-2 meter snø i Sogndal, og den 5. februar 1928 omkom eit ektepar i Øvstedalen då garden deira vart øydelagd av snøras. Tre born som låg i same huset, overlevde og fekk varsla om ulukka.
Same dagen gjorde snøras stor skade fleire stader oppover Sogndalsdalen. Fleire fjøs vart tekne av ras, og dyr omkom. 100 mann arbeidde i to dagar for å opne vegen fram Sogndalsdalen. Rasa gjorde skade for nærmare 80.000 kroner, og 115 personar fekk skadeerstatning.
1937
Den første alvorlege bilukka i Sogndal bar til i 1937 då ein ung mann køyrde ut for vegen på Stedje og drap seg.
ca. 1955
To unge menn frå Sogndal omkom kring 1955 då ein lastebil køyrde utfor vegen i Norane.
1960
I 1960 vart to smågutar på Norane drepne då dei vart påkøyrde av ein bil frå Sunnfjord.
Ulukke med jagarfly i 1980
I 1980 kutta eit tysk jagarfly luftspennet over Fjærlandsfjorden mellom Rauboti og Lidal. Flyet styrta i fjorden, men dei to pilotane berga seg ved å skyte seg ut. Jagarflyet flaug ulovleg lågt utover Fjærlandsfjorden då ulukka hende.
Vådeskot i 1980
Ved ei vådeskotsulukke under hjortejakt på Fimreite i 1980 vart ein mann skoten av sonen. Skyttaren vart frikjend.
1987
Ved ei vådeskotsulukke under hjortejakt i Kaupanger i 1987 vart ein far skoten av sonen. Skyttaren vart frikjend.
1994
I 1994 drukna ein student og ein fransk kvinneleg forskar ved Høgskulen etter at sjarken som dei nytta til forskingstråling i Sognefjorden, sokk ved Frønningen. Dei to omkomne vart funne, men båten som var eigd av aquastasjonen på Skjer vart ikkje funnen, trass i intens leiting.
2001
I 2001 omkom ein ung mann frå Askvoll då han gjekk gjennom isen på Sogndalselva. Han vart funnen etter langvarig leiting der også miniubåt vart nytta.
2007
I oktober 2007 omkom ei kvinne frå Kaupanger då bilen hennar vart råka av eit steinsprang frå Fatlaberget.