Wibeke Knagenhjelm (1918-2003). Fødd i Oslo, busett i Kaupanger. Journalist, forfattar og motstandskvinne under 2. verdskrig.
Vart arrestert av tyskarane for illegalt avisarbeid i Oslo i 1942.
Gift med
Nils Knagenhjelm i 1944 og vart på nytt arrestert under opprullinga av Milorg-organisasjonen i Sogn og Fjordane på etterjulsvinteren 1945.
Journalist
Har arbeidd som journalist i Aftenposten, og har også laga fjernsyns- og radioprogram for NRK.
Forfattar
Som forfattar har Wibeke Knagenhjelm m.a. skrive historiespela "Slaget ved Fimreite" 1984, "Maktkamp ved Hjørungavåg" 1986 og "Draum over fjell og hav" til utvandrarjubiléet i Vik i 1987.
Har skrive boka "Tradisjonsrike turisthotell i Sogn og Fjordane" (Samlaget 1990).
Verv og prisar
Medskipar av Sogndal Kunstlag.
Wibeke Knagenhjelm gjorde ein stor innsats for å få restaurert Kaupanger stavkyrkje på 1960-talet og vern av det gamle Munthe-huset i Ytre Kroken i Luster kommune - sjå:
Kroken - adelssete og kulturelt senter. Ho er tildelt "Urnesnåla" frå Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane og Sogndal kommune sin kulturpris.