|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Bremanger: Svein Fosse og turiststaden Kalvåg | Kafé Vest i Kalvåg. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Meir enn nokon annan i nyare tid har kjøpmannen og turistverten Svein Inge Fosse sett sitt preg på Kalvåg. Publisert 13.05.2003 09:19. Oppdatert 06.02.2006 10:46. | Svein Inge Fosse. |
Fosse har vore ei drivande kraft i arbeidet med vern og utvikling av det gamle fiskeværet Kalvåg som reisemål, og har bygd opp fleire verksemder basert på matservering og turisme.
Han starta Kafé Vest i 1986, same året som han overtok drifta av ein landhandel etter faren Paul Fosse. Kafé Vest dreiv kafe og overnatting. I 1991 flytta han verksemda over til det gamle handelsetet Knutholmen, som han hadde kjøpt i 1990. Her har han sidan bygd opp ein populær restaurant, driv catering og har overnatting og har lokale for møte og kurs. Fleire eldre bygningar kring vågen i Kalvåg er kjøpt og restaurert av Fosse. På Amtskaia er det bygd eit stort, kombinert bygg med daglegsvarehandel i første og turistleiligheter i andre og tredje etasje.
I 2005 overtok Svein Fosse som eineeigar daglegvarebutikken Kalvåg Handel AS (sjå Audun Røys ). Denne butikken driv også bakeri og skipshandel.
SE OGSÅ
LENKER
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|