Preben von Ahnen til Bodøgaard (1606-1675). Amtmann, krigskommissær og godseigar. Ætta kom frå Pommern.
Han overtok ved arv store eigedomar i Noreg i 1629, og vart etter kvart ein av dei største jordeigarane i Noreg på 1600-talet. I 1664 vart han befalingsmann til "Nordlandene" og slo seg til på Bodøgaard (Bodø).
Hærførar
Leia som krigskommissær i 1658 ein norsk hær som øydela dei svenske sølv- og blygruvene i Nasafjäll. Var seinare med på å vinne tilbake Trondhjems len frå svenskane.
Amtmann i Nordlandene frå 1660.
Godseigar
Den andre kona hans var Karen Wind, dotter til
Iffuer Wind, og såleis vart von Ahnen i 1668 eigar av m.a. Kaupanger- og Stedje-godsa:
·
Kaupanger Hovedgård
·
Storgarden Stedje
Han eigde også store jordeigedomar etter
Losna-ætta i ytre Sogn. Alle desse eigedomane i Sogn hamna i 1710 i lagmann
Niels Tygesen Knag si eige, då sonen Iver Prebenssøn von Ahnen selde unna.