Den første gongen garden vert omtala i skriftlege kjelder er i 1298, då
Alf Basseson - Alf i Kroki - er nemnt som eigar* - sjå nedst på sida. Han vart i 1301, 1302 og 1305 send som kong Håkon V Magnusson sin utsending til Island for å krevje inn skattar der.
Seinare i mellomalderen høyrde Kroken til riddaren Sigurd Haftorsson. Han var befalingsmann på Bergenhus og dotterson til Håkon V Magnusson.
Garden kom på 1500-talet i adelsætta Kruckow si eige. Kruckow er ei ætt som kom frå det tyske Pommern.
Av dei sju borna til Johan Kruckow, vart dottera Anna gift med lågadelsmannen Jon Olafson Teiste. Dei busette seg i Ytre Kroken
I 1764 vart kaptein Gerhard Christoffersen Munthe eigar av garden.
Kartograf Gerhard Munthe gjorde frå 1830-talet og utover Kroken til eit av dei viktigaste sentra for biletkunstnarar i Noreg.
I 1884 var det slutt på Munthe-slekta si tid i Ytre Kroken. Då vart garden seld til Mons Johannesson Kroken, og i 1897 vart det staselege hovudhuset frå 1700-talet leigd ut til Sogn og Fjordane som husmorskule.
Her heldt husmorskulen til fram til 1957 då den flytta til Hafslo. I desse åra med husmorskule vart det flotte herskapshuset mykje ombygd med nye døropningar o.a. endringar innvendes. Etter at husmorskulen flytta vart det store herskapshuset ståande tomt, og forfallet sette inn.
Sist på 1980-talet tok kulturvernarar i Sogn opp arbeidet med å få sett i stand den historisk viktige bygningen.