|
Helleristing på Vingenfeltet. |
Inne mot Vingepollen ved Frøysjøen, sør for Hornelen, ligg eitt av dei største helleristingsfelta i Nord-Europa. Feltet inneheld minst 2000 ulike ristingar, og skriv seg frå ca. 4000-2000 år f. Kr.
Kring hovudleia gjennom Skatestraumen like nord for Hornelen er det i nyare tid funne ei stor mengde buplassar som viser at strendene på begge sider av sundet har vore eit viktig senter i steinalderen.
|
Steinalderfunn på Gloføyke. (Foto: NRK) |
I Botnane er det funne spor etter ein steinalderbuplass på garden Øvrebotten (sjå bilete øvst).
På garden Frøyen vart det i 1830 registrert fleire gravhaugar som truleg skriv seg frå eldre og yngre jernalder (ca. 500 f. Kr. f.–1050 e. Kr.f).
På Bruseneset på Elde ligg det to gravhaugar som truleg skriv seg frå bronsealderen eller jernalderen.
Omlag 50 meter opp frå sjøen på Daviknes ligg Jutlerøysa.
Leirkar
frå 300 e.Kr. er funne på Myklebust i Ålfoten. På Dombestein er det funne ein skipskjøl i eik – truleg frå vikingtida.
Tre gravrøyser frå vikingtida 800–1050 e.Kr.f. i Vetvik viser at det i norrøn tid budde folk i den einbølte bygda på vestsida av Bremangerlandet.
På Indrehus i Midtgulen er det funne fire gravrøyser frå yngre jernalder ca. 400–1000 e. Kr.f.
I Berle har ein funne mange spor etter tidleg busetjing.
På Litle Hennøy vart det funne ein to meter lang runestein med ni korte runeinnskrifter.
Brot for kleberstein
i Kleberget på Storetroda ved Davik.