Ein av dei eldste køyrevegane i Sogn gjekk mellom Solvorn/Hafslo og Nagløyri ved Barnesfjorden ved Sogndal.
Frå gamal tid har vegen over Sognefjellet vore hovudsambandet vestover for dalfolket i Ottadalen. Elles var det drifte- og handelsvegar mellom Jostedalen og Nordfjord og frå Kroken til Øvre Årdal.
Den gamle ferdslevegen langs dei ville elvejøla ved Årøyelva var noko av det mest dramatiske som ferdafolk kunne oppleve i gamal tid på Vestlandet.
Vegen over Sognefjellet har vore i bruk frå eldgamal tid. Den har vore hovudsambandet vestover for gudbrandsdølene, og har vore veg for både handel og utvandring. Stadnamn på fjellovergangen vitnar om ulukker og brotsverk.
Ferdsla over Jostedalsbreen
Kortaste "sjøvegen" vestover for folk i Jostedalen var å gå over breen til Nordfjord. Her vart det ruta frå Fåbergstølen til Greidung og Erdal i Oppstryn som vart mest nytta - m.a. til krøterdrifter. Men elles er det registrert gamal ferdsle mellom Krundalen og Olden, og mellom Fåberg og Øyasetra til Loen.
Sognskaret
Ei av dei eldste kjende ferdsleruter mellom Nordfjord og Jostedalen gjekk gjennom Sognskaret. Her var det kort veg over Jostedalsbreen. Ruta gjekk frå Øyasetra/Fåbergstølen gjennom Sognskaret til Sunndalen og Hjelle i Oppstryn. På Nordfjord-sida fall denne ruta saman med den gamle driftevegen over Kamperhamrane mellom Stryn og Skjåk - sjå:
Driftevegane austover frå Stryn. Sognskaret vert også omtala som Sygneskaret.
Den eldste og beste ferdslevegen mellom Jostedalen og Ottadalen går over Handspikja.
Handelen med bufe og hestar frå Vestlandet mot Austlandet tok seg sterkt opp på 1700-talet. Den sterkaste tradisjonen for fehandel finn vi i Vik, Aurland og Flåm, Lærdal, Årdal, Luster, Jostedalen, Røneid og Hafslo.
Frå Supphelledalen i Fjærland var det gamal ferdsleveg gjennom Snauedalen til Veitastrond.
Frå dei eldste tider har det gått ein gamal ferdsleveg gjennom Årøy på austsida av Årøyelva.
Folket i den einbølte Jostedalen - i tillegg til å dra over breen til Nordfjord - nytta vegen over Vigdal og Storhaug og heimover Dalsdalen til Luster når dei skulle til fjords, i staden for å ta seg ned gjennom ulendt terreng langs elva til Gaupne.