SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Luster:

Ferdsla på fjorden i Luster

DS Kommandøren ved kai på Døsen. Foto: Johan Rumohr Døsen
DS Kommandøren ved kai på Døsen. Foto: Johan Rumohr Døsen

Kaldt innlandsklima og store mengder ferskvatn frå vassdraga gjer at Lustrafjorden har vore den fjordarmen i fylket der fjordisen har skapt mest hinder for skipstrafikken.

Publisert 26.06.2003 13:36. Oppdatert 26.01.2007 13:15.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Omtalane er ordna etter årstala for når dei einskilde stadene fekk rutestopp av :


Døsen

i Luster fekk rutestopp då dei første rutene til Fylkesbaatane starta i 1858. I 1894 var det på tale å gje Sørheim på andre sida av fjorden rutestopp mot at Døsen vart lagt ned, men etter hard kamp vart Døsen halde oppe samstundes som Sørheim fekk sitt rutestopp. M.a. sat landhandlar og dampskipsekspeditør Hans Rue Olsen Døsen då i styret for Fylkesbaatane, og kunne føre kampen for si bryggje der - utan at nokon den gongen stilte spørsmål om ugildskap!

Marifjøra

vart stoppestad for Fylkesbaatane heilt frå starten av selskapet i 1858. Her vart det bygd skikkeleg kai i 1872. Frå 1905 var det folk frå familien Bugge Næss som stelte med dampskipsekspedisjonen.

Venterom på kaien i Solvorn. (Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK)

Solvorn

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1859 med Jakob Walaker som første ekspeditør, og denne tenesta var i same familien i fleire generasjonar. Sjølv om Solvorn låg isfritt til, vart også denne stoppestaden lagt ned saman med dei andre langs Lustrafjorden i 1964.

Ferje Solvorn-Årdalstangen

Kvar sundagskveld frå verket i Årdal starta i 1947, gjekk "Årdals-båten" D/S "Stavenes" i arbeidsruta frå Luster til Årdalstangen.
I 1963 sette Fylkesbaatane inn bilferja "Lote" i dagleg rutetrafikk mellom Solvorn og Årdalstangen. Ferja tok seg m.a. av mjølketransporten frå Luster til meieriet på Årdalstangen, og vart ein nyttig bindelekk for lustringar som arbeidde på Årdal Verk. Ruta vart lagd ned i 1990.
Frå kaien i Solvorn driv selskapet Luster Fjordtransport ferje over fjorden til Ornes. (Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK)

Skjolden

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1868. Kaia vart bygd på Eide, der bonde og handelsmann Torgeir Sulheim var ekspeditør. Det gamle telthuset frå eksersisplassen i Luster vart flytta til Eide og nytta som ekspedisjonsbygg. Huset vart restaurert på 1990-talet.

Kroken

fekk rutestopp i 1887. Her var handelsmann Torleiv Kroken ekspeditør heilt frå 1919 til 1959.

Høyheimsvik

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1887 med Ole Næss som første ekspeditør. Sidan var det handelsfamilien Næss som var ekspeditørar heilt til rutene vart lagde ned.

Ornes

fekk rutestopp kring 1890. Sidan 1960-talet har Ornes hatt ferjesamband over fjorden til Solvorn, driven av det private selskapet Luster Fjordtransport.

Sørheim

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1895. (Sjå elles under Døsen øvst på sida om striden kring rutestoppet på Sørheim.)

Gaupne

fekk rutestopp frå Fylkesbaatane i 1910 med Peder O. Urdahl som ekspeditør.


MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no