Fet kyrkje på Indre Hafslo bygt 1894. Ukjend arkitekt. Byggmeister John Alver.
Altartavle frå 1631/1652. To kyrkjekokker frå 1200-talet. Anna inventar frå byggjeåret eller seinare.
På Bergen Museum stammar eit lite krusifiks frå 1230, del av baldakinskåp og ein Maria-med-barnet-figur frå Fet.
I den gamle kyrkja sto det ein døypefont i kleberstein med firkløverforma skål, slik det også var i dei gamle kyrkjene i Nes og Dale.
Stavkyrkje på 1200-talet
Bygda har hatt kyrkje frå 1200-talet - truleg ei stavkyrkje som huskapell. Denne vart riven kring 1650 for å gje plass til ei ny kyrkje som sto til noverande kyrkje vart bygt i 1894.
Adels- eller futegrav
Museums-mannen
Gert Falch Heiberg og andre fagfolk har skrive at det på kyrkjegarden fanst eit gamalt, dekorert kistelok av stein frå mellomalderen. Dette skal ha lege over grava til ein fut som budde på Fet, og som m.a. hadde bygt ein stor steinhall av kleberstein der. Ein gotisk portal skulle vere mura inn i ein kjellarmur på Fet.
Andre kjelder meiner at mannen som låg i denne grava ikkje var fut, men ein mann av adelsætt som på den tida heldt til på Fet i Indre Hafslo.