Solvorn ved Lustrafjorden var frå eldgamal tid "sjøbygda" for folket i innlandsbygdene kring Hafslovatnet og Veitastrondvatnet. Alt på 1300-talet vert det nemnt ei tingstove som er reist i Solvorn.
Walaker Hotell i Solvorn har røter tilbake til den gamle gjestgjevargarden og skysstasjonen
Handel på Hafslo
Den første som ein kjenner til dreiv landhandel på Ytre Hafslo, var prestesonen Nils Jensen Thisted, som budde på garden Beheim frå 1661 og utover. Det er også truleg at han dreiv ei skjenkestove med brennevinshandel. På slutten av 1600-talet vert det nemnt at ein Nils Hess også driv handel på Beheim. Sidan finn ein ikkje skriftlege spor etter handel i Ytre Hafslo før i 1855 då Jørgen Person Mo startar landhandel på Mo.
Det var i Marifjøra "indrebygdingane" fekk kontakt med fjorden: Her låg bygdealmenningen for inn- og utskiping av varer. Her bygde Hafslo-bøndene nausta sine. Oppe i bakken hadde dei hamnehage for hestane sine.
Røneid på sørsida av elva i Gaupne har vore ein storgard frå gamalt av.
I Luster har det vorte drive handel av priviligerte byborgarar lenge. Både på Fuhr, Døsen og Dalsøyri vart det drive handel heilt frå 1600-talet.
Det som i dag er kjent som bygdesenteret Skjolden, låg i gamle dagar under garden Bolstad. Frå gamalt av var dette ein bygdealmenning. Men handelen starta først på Eide på austsida av fjordbotnen.