Jørgen Person Mo
starta landhandel på Mo i Ytre Hafslo i 1855, og vart dermed den første som starta handel i bygda etter eit langt opphald frå 1600-talet, då m.a. ein prest dreiv ein slags handel der. Før Mo starta "lokalbutikk" på Mo, hadde bygdefolket gjort det meste av handelen sin i Solvorn nede ved fjorden.
Sølfest Hansson Urdahl (1819-1878) starta landhandel på Saude like sør for Dale i 1862. Han flytta i 1865 handelen til Fagernes på Talle.
Thomas Drægni starta i 1862 landhandel i Skjolden. Han var også poststyrar. I 1890 overtok sonen Halvard Drægni butikken, og starta i 1900 produksjon av saft og syltetøy.
Jacob Trondson Tørvi (1822–1902), bonde frå Tørvi på indre Hafslo, kjøpte i 1862 eit stykke av Marifjøra sagvelte og starta handel der.
Christen Christenson Rebni
starta den første landhandelen i Fortun i 1866. Sjå:
Handel og gjestgiveri i Skjolden.
Niels Svenning Torp Garmann
frå Bergen starta landhandel på Myrane under garden Hærum i Luster kring 1867. Ole Pederson Sviggum tok over som handelsmann på Myrane kring 1870, men gjekk konkurs i 1877 og utvandra til Amerika.
Skipa i 1874 etter opptak frå Torger Sulheim som hadde teke over storgarden Eide i Skjolden.
Christian Brunckost
frå Bergen starta midt på 1800-talet landhandel og gjestgiveri i Marifjøra. Han vart også den første postopnaren frå 1864 til 1871, då sonen Nils Torp tok over. Sjå:
Handel og gjestgiveri i Marifjøra.
starta landhandel i Marifjøra kring 1880.
Bygt i 1882 av ekteparet Susanna og Ole Nilsson Øiene. I Fortun dreiv dei landhandel i den eine enden av bygget og hotell i den andre.
Samuel Moe
starta i 1882 landhandel i Solvorn. Han starta butikken i eit hus som tidlegare hadde vore brukt til brennevinshandel. Han dreiv til 1938, då sonen Magnus Moe overtok. Forretninga tok også imot landbruksprodukt for vidaresal, og hadde ei tid også radioforretning. I 1946 slo Moe butikken sin saman med butikken til Brita Øvrebø. Her dreiv sonen til Brita, Ingolf Øvrebø fram han la ned i 2000.
Knut Person Lomheim
starta i 1889 landhandel på Hafslo. Han var også postopnar. Broren Per starta den første landhandelen i Veitastrond i 1895 (sjå nedanfor).
Sonen til Knut Lomheim, Kristian Lomheim, tok over handelen og posten kring 1950. Ein slektning, Anders Alme, tok over handelen i 1960 og dreiv til 1968, då han la ned for å ta over farsgarden.
Johannes T. Sviggum
starta i 1890 landhandel i Marifjøra i huset som vart kalla Vad-bui. Han døydde i 1929. Ernst Ugulen overtok som butikkeigar i 1937 og dreiv i Vad-bui fram til 1945, då han flytta butikken til Gaupne. Seinare vart Ugulen handelsmann på Døsen i Luster. I 1957 starta Norvald og Sigrun Marheim sportsbutikk og elektrisk forretning i Vad-bui fram til dei flytta til Lærdal i 1960.
Kring 1890 starta eit aksjelag ei handelsforening i Marifjøra.
Peder P. Lomheim
starta kring 1895 den første landhandelen i Veitastrond. Butikken låg ved kaia der den første motorbåten som vart sett i rute på vatnet, la til - sjå:
Ferdsla til Veitastrond. Lomheim dreiv handelen til han døydde i 1938, og sogndølen Kåre Engeset overtok og dreiv til 1940. Deretter låg butikken nede til etter 2. verdskrig, og vart då teken opp att av Egil Nes i 1946. Han dreiv den til 1995. Nes hadde også drosje og selde bensin.
Johan Døsen starta landhandel på Sva i Luster i 1896. Butikken vert i 2003 driven under firmanamn O. S. Høyheim Eftf. og er tilslutta Spar-kjeden.
Hans H. Bjørge
starta landhandel på Tang på Ytre Hafslo i 1898. Han flytta då eit hus frå garden Alme og nytta det som handelsbu. I kjellaren var det bakeri. Då Hans døydde i 1919, overtok dottera Helga butikken. Ho gifta seg med Nils Friis Fardal frå Fardal i Sogndal. Han bygde også eit slakteri. Etter at Nils døydde i 1955, dreiv Helga butikken fram til huset brann ned i 1970.
starta landhandel i Marifjøra i 1897.
Sjur Olsen Thune
starta bakeri i 1900 i Solvorn. Han dreiv til 1933, då sonen Sigurd Thune overtok, og seinare starta Sigurd også landhandel saman med ektemaken Kristina. Dei dreiv verksemda fram til 1967.
Jostedal Handelsforening
vart skipa i 1900 med 15 aksjonærar og starta forretning i leigde lokale på Sperle. Seinare bygde laget eigen butikk, men fekk frå 1916 hard konkurranse frå
Sperle Handelsforening sin nye butikk, som låg berre eit steinkast unna. Laget gjekk konkurs i 1941. Huset vart selt til
Jostedal Samvirkelag.
|
Thor Bakkens Eftf. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003) |
Thor Bakken
starta landhandel på Gjerde i Jostedalen i 1903. Seinare vart han også autorisert radioforhandlar, deiv agentur i ullvarer og lastebiltransport. Sonen Kristen tok over som styrar i 1941 og vart eigar av forretninga i 1954 under firmanamnet Thor Bakken Etterfylgjarar. Han var i tillegg både post- og telefonstyrar i Jostedal i mange år.
Jon Ness
starta først med mølle og sagbruk i Marifjøra kring 1900. Ness bygde også eit lite kraftverk. Ness tok også over landhandelen etter onkelen.
Andreas Eithungjerde
starta som handelsmann i Marifjøra i 1905, og frå 1912 leigde han landhandel og dampskipsekspedisjonen. I 1937 flytta Eithungjerde til Balestrand og starta landhandel der.
Sakris O. Næss starta landhandel og bakeri i Høyheimsvik i 1905.
starta landhandel i Marifjøra i 1906.
Otto Feigum
starta landhandel i Kroken i 1907. Han dreiv den første tida i leigde lokale ved kaia, men bygde i 1912 eige hus. Olav Aalhus tok over i 1923, og bygde om og utvida huset i 1941. I huset leigde han dessutan ut rom til grendaskule. Dei dreiv også stort med reveavl.
Lars Kristoffersen
starta landhandel og bakeri i Solvorn kring 1910. Sonen Jakob Kristoffersen arbeidde først som bakar, men overtok heile verksemda kring 1940 og dreiv til midt på 1970-talet.
Brita P. Øvrebø
starta i 1915 landhandel i Solvorn. Seinare kom ektemaken Anton Kvalen med i butikkdrifta. Sonen deira, Ingolf Kvalen, tok over i 1946 og dreiv butikken fram til 2000.
Johannes Joranger
, Bakarbui – sjå
Trond Anderson Opheim .
vart skipa i 1916 med 17 aksjonærar og starta butikk berre 100 meter unna den argaste konkurrenten; Jostedal Handelsforening.
Starta i 1918 i Høyheimsvik og meldt inn i NKL. Varene vart den første tida kjøpte inn samla og delte ut frå ein "utdelar".
A/S Gaupne Handelsforening vart skipa i 1919, og flytta alt i 1920 inn i eige nybygg. Laget fekk kring 60 medlemer frå starten.
starta landhandel på Mo i Hafslo i 1910. Butikken er i 2003 tilslutta Spar-kjeden.
Anders Nes
starta i 1928 landhandel i Veitastrond og dreiv den til 1970, då familien flytta til Hokksund. Han dreiv også skyssbåt på Veitastrandvatnet.
P. Thune A/S landhandel og bakeri
i Ytre Hafslo vart starta av Per Thune i 1929. Han overtok då eit halvferdig hus på Skjervheim og bygde det om til butikk. Sonen Sverre Thune tok over i 1962 og dreiv fram til tredje generasjon ved Per Ove Thune tok over i 1982.
|
Kristoffersen landhandel i Skjolden. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003) |
Kristoffer Larsson Kristoffersen
starta landhandel og bakeri i Skjolden i 1930. Sønene Alf og Leif Kristoffersen tok over butikk og bakeri i 1960 og dreiv til den vart avvikla i 1999.
Einar O. Melheim
starta landhandel på Lambhaug i Indre Hafslo i 1930. Systrene hans stelte også med postkontor i telefonstasjon i bygda, og då sonen til Einar, Kristoffer Nitter Melheim, bygde nybygg og overtok forretninga i 1947, flytta også post og telefon over dit. Nitter Melheim var i tillegg trygdesjef i Hafslo kommune, og då han gjekk over til full stilling som trygdesjef i 1956, avvikla han butikken på Lambhaug.
Ole Hjelmhaug
starta på 1930-talet landhandel i Solvorn. Sonen Knut Hjelmhaug tok seinare over og la om til elektrisk forretning som var i drift til byrjinga av 1960-talet.
Hans Lerum
starta i 1931 landhandel i Luster like ved noverande sjukestove. Han hadde starta handelskarrieren som butikkbetjent på Døsen. Butikken vart seinare overteken av brorsonen Arne Lerum, som også har driv transport av kraftfôr og gjødsel i tillegg.
|
H. Lerum i Luster. (Foto: Arild Nybø © 2003) |
Marianne Husum
(seinare gift Tang) frå Ytre Hafslo starta i 1934 landhandel på Lambhaug i Indre Hafslo. Kristoffer T. Melheim tok over i 1938 og dreiv til 1952,
då sonen Ingolf K. Melheim starta ny butikk ved Fet kyrkje; Bjørkely Handel. Den vart driven til 1976. Sonen Kjell Harald Melheim starta i 1983 musikkforretning i
Pyramiden - første handelssenter i fylket i Gaupne, og dreiv det fram på 1990-talet.
Per Brekken
starta i 1939 landhandel i Solvorn. Brekken var utdanna revisor, og arbeidde også som revisor i tidlegare Hafslo kommune, i Hafslo Sparebank, trygdekassa og i det lokale kraftlaget. Butikken dreiv han til midt på 1950-talet.
Skipa i 1939, og leigde den første tida stova til Simon Tvedt til forretning.
L/L Marifjøra Handelslag
skipa i 1940. Sjå
Jens Bugge Fraas .
Gaupne Samvirkelag vart skipa i 1943, og vart ein konkurrent til Gaupne Handelsforening.
Egil Nes
overtok ein landhandel i Veitastrond frå 1946. (Sjå Peder P. Lomheim, 1895 - lenger oppe på sida.)
|
S-Nærkjøp i Fortun. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003) |
Fortun Samyrkelag
vart skipa i 1946. I 1952 kjøpte laget eit eldre skulehus i Kaupanger og sette det i 1953 opp som butikklokale i Fortun. Laget hadde stor omsetning under kraftutbyggings-perioden i Fortun på 1950-talet. Butikken vart utvida i 1965. I 1968 gjekk Fortun Samyrkelag inn i
Sogn Samvirkelag.
Skjolden Samyrkelag vart skipa i 1946, og vart medlem av NKL frå starten.
Indre Hafslo Samyrkelag i Marifjøra vart skipa i 1947, og starta forretning i eit sjøhus som laget kjøpte frå Anders Eikum.
Hafslo Samvirkelag vart skipa i 1946, og vart innmeldt i NKL frå starten.
Luster Samyrkelag
vart skipa i 1954, då laget tok over butikken som Hans og Sjur Fuhr hadde bygt like ved Ekservollen (Vodlabui). I bygda hadde det også vore i drift eit samyrkelag i nokre få år på 1920-talet, men fleire detaljar om dette første laget er ikkje kjende. Etter store underskot, var Luster Samyrkelag nær ved å verte lagt ned i 1962, men greidde seg vidare til det vart innlemma i det nyskipa
Sogn Samvirkelag i 1965.
Gaupne Handelslag
skipa 1960 - sjå
A/S Gaupne Handelsforening.
vart skipa i 1965 ved samanslåing av samyrkelaga.
Hafslo Servicesenter
på Hesteneset vart starta i 1990 av sambuarpara Jon Terje Moen og Liv Margrethe Eikeberg, og Arne Moen og Hilde Eldegard. Verksemda omfattar daglegvarebutikk og bensin- og servicestasjon.
O. S. Høyheim Eftf.
i Luster - sjå Johan Døsen 1896 -
Døsen landhandel.
Det første handelssenteret i Sogn og Fjordane vart bygt i Gaupne i 1985. Forretningar og servicekontor ligg rundt eit overbygt torg som har ein
|
Matkroken i Veitastrond. (Foto: Randi Indrebø, NRK) |
spiss takkontruksjon i glas.
Matkroken
Daglegvarebutikk starta på Veitastrond i 1995 av Marit og Per Heggestad. I 2006 overtok dottera Hildegunn Solnes Heggestad drifta.
Solvornbui AS
daglegvarebutikk og kafé vart starta av bygdefolket i Solvorn i 2000. Dette vart gjort fordi alle andre butikkar i bygda då var lagde ned. Solvornbui bygde eigne, nye lokale i sentrum, og freista også å omsetje gardsmat. Men Solvornbui makta ikkje å drive lønsamt, og vart lagt ned i 2003.
Jostedalsbui
frå 2000 på Fossøyane, sjå
Sperle Handelsforening.
I 2000 gjekk Sogn Samvirkelag saman med samvirkelaga i Årdal og Voss inn i Coop.