I 1875 hadde banken to opningsdagar i månaden i Solvorn, ein i Marifjøra og ein på Hillestad.
Rikaste banken
Ved hundreårsskiftet var Hafslo Sparebank den sjette største sparebanken i fylket, og med den klårt største formuen: Ein fjerdedel av forvaltningskapitalen i 1905 var eigen formue.
Men då dei økonomiske nedgangstidene sette inn etter 1. verdskrig, var det like før at Hafslo Sparebank gjekk konkurs. Ei av årsakene var at banken hadde lånt ut 200.000 kroner til Sogn og Fjordane fylke som fylkeskommunen ikkje makta å betale.
Akkord
I 1933 fekk Hafslo Sparebank akkord med 45 prosent utbetaling, men måtte sjølv ta eit tap på 110.000 kroner.
Banksjef i 1966
Først i 1966 tilsette banken eigen banksjef i full stilling, og same året flytta banken hovudkontoret frå Solvorn til Hafslo.
Bankbuss
I 1967 kjøpte sparebankane i Hafslo, Luster og Jostedal felles bankbuss.
Inn i Luster Sparebank
Hafslo Sparebank gjekk saman med Luster Sparebank og
Jostedals Sparebank til
Luster Sparebank i 1975.