|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Luster: Næss sine verksemder i Høyheimsvik | Luster Fjordhytter i Høyheimsvik. (Foto: Arild Nybø © NRK) |
Sakris O. Næss starta landhandel og bakeri i Høyheimsvik i 1905. Sakris hadde eigentleg tenkt å emigrere til Amerika, men for at han skulle bli heime, bygde faren, den tidlegare driftekaren Ole Z. Næss ein butikk til sonen. Publisert 14.07.2003 12:22. Oppdatert 19.05.2004 13:40.Sakris dreiv også kaia og var poststyrar. Han dreiv dessutan eit sagbruk.
| Stein Næss. (Foto: P.J. Grue, NRK) |
I 1951 overtok sonen Hans Bugge Næss landhandel og bakeri, post og dampskipsekspedisjon. Sonen Stein Næss var utdanna siviløkonom og arbeidde som lærar før han i 1979 overtok verksemda i Høyheimsvik. Forretninga hadde også stort sal av kraftfôr, gjødsel og andre landbruksvarer.
Luster FjordhytterI 1987 bygde Næss eit stort kombinasjonsbygg med lager i 1. etasje og åtte hyttehusvære på toppen - kalla Luster Fjordhytter. I 1993 kom det opp eit servicebygg med resepsjon og selskapslokale, og i 1994 fire nye rekkjehytter. Same året vart det bygt ny kai.
| Lustrafjorden Kro og dei nyaste hyttene til Luster Fjordhytter. (Foto: Ottar Starheim, NRK) |
Lustrafjorden KroStein Næss la ned butikken i 2000 og leigde lokalet ut til Tomas Skjerven som dreiv Lustrafjorden Kro i lokala til det enda med konkurs i 2002. Drifta vart kort tid etter teken opp att av Turid Øyene Morken, og i 2006 tok Gøril Elsxebe Urdahl over eigedomen og drifta av kroa.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|