|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Luster: NTP Gandrudbakken AS | NTP Gandrudbakken lagar m.a. silketrykk som dei stryk på klesplagg. (Foto: Asle Veien, NRK) |
NTP Gandrudbakken AS vart starta i Gaupne i 1988 av Atle Gandrudbakken frå Bergen. Publisert 16.07.2003 12:41. | Verksemda lagar også silketrykk på draktene til FC Barcelona. (Foto: A. Veien, NRK) |
Verksemda har spesialisert seg på trykking av merke på tekstilar og konfeksjon, og vekte m.a. merksemd då dei i 1999 sikra seg kontrakt på levering av fotballdraktene til Premier League i England, og seinare til FC Barcelona.
Kraftig vekstNTP starta med fire tilsette i eit kommunalt næringsbygg, men overtok i 1999 dei tidlegare lokala til tekstilverksemda Synfiber A/S på 4.000 kvadratmeter. I 2002 hadde verksemda ei omsetning på 42 millionar kroner og 80 tilsette. Innan 2005 reknar ein med å auke til 100 tilsette i Gaupne.
| Grunnleggar Atle Gandrudbakken. (Foto: A. Veien, NRK) |
Produksjon i utlandetI åra fram til 2002 starta NTP Gandrudbakken også lisensproduksjon i Sverige, Portugal og New Zealand.
Selde til storkonsernI 2002 selde Atle Gandrudbakken verksemda si til det amerikanske storkonsernet Paxar som har over 40 fabrikkar og verksemd i 75 land, mellom 7.000 og 8.000 tilsette og ei omsetning på 700 millionar dollar (2002) i året. Etter samanslåinga har verksemda i Gaupne også fått lisensproduksjon på produkta sine i USA og Kina. I 2007 vart Paxar kjøpt opp av det verdsomspennande Avery Denisson-konsernet.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|