SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Luster:

Handel og gjestgiveri på Røneid

Røneid. (Foto: Arild Nybø © 2003)
Røneid. (Foto: Arild Nybø © 2003)
Røneid på sørsida av elva i Gaupne har vore ein storgard frå gamalt av. Her budde Sogne-futen Johan Hansson Rue frå 1686 til 1696. Etterslekta vart m.a. store jordeigarar både i Luster, Eid og i Hellevik i Fjaler, og etablerte seg også med handel og gjestgiveri på Døsen i Luster (sjå: Handelsstaden Døsen).

Publisert 18.08.2003 16:38. Oppdatert 18.11.2003 13:32.

Empirehuset på Røneid

I 1835 flytta handelsmannen Hans Rue Olsen Døsen frå Luster og starta den første landhandelen med gjestgiveri på Rønneid i Gaupne. Butikkbygningen han gjekk under namnet "Hansen-huset". Huset var bygt av den kjende snikkaren Johan Lund som m.a. bygde fleire kjende hus i Lærdal og på Nedre Amla. Då han bygde handelsgarden på Røneid var det m.a. med materialar etter den rivne kyrkja på Nes. Huset er bygt i Lunds karakteristiske Bergens-prega empire-stil med halvvalma tak. Huset er på 2 1/2 høgd, er 16 meter langt og nær 8 meter breidt. Det har seinare vorte restaurert i 1868 og 1972.

Først handelsmann på Røneid - så fossekjøpar

I 1839 tok svigersonen til Hans Rue Døsen, bergensaren Ole Brinch Paache, over handel og gjestgiveri på Røneid. Då vart det sett opp ei skjenkestove like ved hovudhuset. Han selde til ein annan bergensar i 1847, Benjamin Michaelson Hansen. I 1870 tok Jacob Torsteinson Molland over handelen på Røneid og bygde det såkalla "handelshuset". Han hadde tidlegare vore handelsbetjent i Marifjøra. Han dreiv forretninga på Røneid til 1904, då sonen Jacob Jacobsen Molland tok over. Han gav seg inn på fossekjøp (sjå: Jostedals-utbygginga), flytta i 1915 til Oslo og overlet Røneid til broren.

Samvirkelaget tek over

På Røneid kom det skulehus i 1863, og då denne skulen vart lagt ned, vart bygningen nytta til eit lite meieri og eit bakeri som var i drift kring 1900.

Landhandelen på Røneid vart driven av Mollands-slekta og andre fram til krigsåra, då den låg nede nokre år. Etter krigen starta Jakob Molland opp att, og overlet handelen kring 1950 til Gaupne Samvirkelag. Det dreiv butikken på Røneid fram til kring 1960.

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no