Ei gong midt på 1600-talet starta også futesonen Christen Nielsen Fuhr (1603-1685) handel på grannegarden Fuhr (For) like sør for Døsen.
Sonen Jens tok over handelen på Fuhr då faren døydde i 1685 og dreiv til han døydde i 1691. Nokre av dei 14 borna endra familienamnet sitt til Lemvig, som var eit slektsnamn henta frå ei anna slektsgrein. Eitt av dei 14 borna til Jens, Peder Jensson Lemvig (1678-1761), arva Fuhr-garden - og eigde i tillegg 32 gardar i indre Sogn. Handelen på Fuhr låg nede nokre år til Peder Jensson Lemvig på nytt fekk kremmarløyve i 1726, og denne handelen dreiv han til 1742.
Lemvig tek over på Døsen
Ein av brørne til bonde og kremmar på Fuhr, Peder Jensson Lemvig, heitte Christen Jensson Lemvig (1670-1732). I 1696 tok han over som landhandlar og gjestgjevar på Døsen etter dansken Søren Jenssen Sønderhovud.
Christen Lemvig dreiv også handel i
Solvorn. På same vis som broren på Fuhr var Christen ein flittig jordsamlar, for då han døydde, hadde Christen Lemvig samla seg i alt 20 gardar i Luster og Hafslo.
Sonen Dominicus Lemvig (1702-1764) tok over handelen på Døsen i 1744. I tillegg fekk han kontroll over handelen på Dalsøyri då han gifta seg med enkja etter handelsmannen der, Hans Eriksson Dalsøren. Han fekk også kontroll over handelen på Heltne - sjå:
Handel på Heltne og Dalsøyri.