SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Luster:

Handel og gjestgiveri i Skjolden

I.C. Dahl: Fra Skjolden. Foto: J. Lathion © Nasjonalgalleriet
I.C. Dahl: Fra Skjolden. Foto: J. Lathion © Nasjonalgalleriet
Det som i dag er kjent som bygdesenteret Skjolden, låg i gamle dagar under garden Bolstad. Frå gamalt av var dette ein bygdealmenning.

Publisert 28.08.2003 11:29. Oppdatert 02.02.2007 13:37.
Men handelen starta først på Eide på austsida av fjordbotnen:

På storgarden Eide hadde brukarane heilt sidan midten av 1600-talet drive handel og gjestgiveri - sjå: Storgarden Eide i Skjolden. Kring 1670 veit vi at Per Mogensson Eide dreiv både handel og eit par sagbruk. Sonesonen Kristen Mogensson Eide fekk løyve til både gjestgiveri og landhandel i 1735, men både handel og gjestgiveri på denne Eide-sida av elva vart lagt ned på 1790-talet.

Handel på Rognstad

I 1805 kjøpte ein mann som heitte Hartvig Johannesson Irgens ut ein del tomter i Skjolden. Han fekk både handels-og gjestgjevarløyve. Men det vart ikkje noko handel der før Ludolf Johan Kramer frå Årdal startar landhandel i 1818. Den dreiv han til 1830. Staden vert på denne tida kalla "Rognstad".

Eksotisk mellomspel

I eit par år fram til 1832 vart gjestgiveriet drive av den svenske seglskuteskipperen Jonas Ahlstrøm. Etter dette "eksotiske" mellomspelet overtok bygdemannen Asbjørn Sørenson Skjolden handelen og dreiv fram til 1850. Enkja, Anna Maria Skjolden, dreiv eit par år før ho selde til bergensaren Johan Weiner Krohn Jensson Jürgensen.

Kamp om handelsløyve

Men den nye eigaren fekk tevling om handelsløyvet i Skjolden frå bonden på Eide-garden, som då var gudbrandsdølen Steinar Torgerson Sulheim. Jürgensen vann handelsløyvet framfor Sulheim fordi han som "smurning" lova å byggje bru over Fortunselvi på eigen kostnad. Jürgensen etablerte handelen på Skjolden-sida av Eide-elva. Men han innfridde aldri lovnaden om brua.

Steinar Sulheim søkte på nytt om gjestgjevar- og handelsløyve på Eide i 1852, men fekk beskjed av eit knapt fleirtal i kommunestyret om at skal han drive handel, så må det skje på Skjolden-sida.

Lehmann med handel og overnatting

I 1853 starta Hans Lehmann frå Bergen landhandel og gjestgiveri i Skjolden, og dreiv til han flytta tilbake til Bergen i 1868 og overlet handelen til Christen Christenson Rebni. Rebni var også den første som starta handel i Fortun. Det skjedde i 1866, men Rebni flytta to år seinare ned til Skjolden for å drive handelen der. Denne Rebni-butikken vart driven til 1890-åra.

I 1859 starta Thomas Drægni landhandel på Eidsbakken i Skjolden, og denne forretninga vart seinare overteken av sonen, konservespionéren Halvard Drægni, deretter av Kristen Fortun som dreiv fram til 1958.

Frå skysstasjon til hotell i Skjolden

Frå tidleg 1800-tal var det skysstasjon i Skjolden for folk som reiste over Sognefjellet. Bru over elva i Skjolden vart bygt i 1859.
Då den seinare kong Oscar II reiste over Sognefjellet i 1860, var det kjøpmann og gjestgjevar Hans Lehmann (sjå ovanfor) som dreiv skysstasjonen og stod for trakteringa av kronprinsen. Lehmann sende ei dryg rekning etter kongeopphaldet til kommunen, som nekta å betale. I staden sende kommunen rekninga vidare til amtet!

Gudbrandsdøl overtok

I 1886 kom det skikkeleg køyreveg frå Skjolden til Fortun.
Etter fleire eigarskifte vart gudbrandsdølen Torgeir Sulheim på storgarden Eide styrar for skysstasjonen, og i 1908 selde han stasjonen til den Gudbrandsdals-ætta Jon Olsson Galde (1886-1977). Saman med ektemaken Anna bygde Jon Galde det første hotellet i 1912. Dei utvida hotellet i 1918, 1937 og 1958.
Skjolden hotell. (Foto: Arild Nybø © 2003)

I 1961 overtok sonen Ola Galde saman med ektemaken Inger hotellet og utvida det mykje i 1963. Ola døydde i 1970 og sønene Jon og Einar Galde overtok og skipa hotellet om til aksjeselskap i 1976. Også i deira tid har hotellet vorte utvida og modernisert. Den siste resten av det eldste hotellbygget vart rive i 1973.

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no