|
Den kjende fjellføraren Ole Jensson Berge bygde det største hotellet på Turtagrø. (Foto: NRK) |
Heilt sidan Thomas Heftye sette seg i spissen og fekk skipa Den Norske Turistforening i 1868, har Turtagrø - 884 meter over havet - vore ein av dei viktigaste innfallportane til fjellvandring og tindesport i Jotunheimen.
To av dei viktigaste måla for fjellklatrarar som går frå Turtagrø, er den 2405 meter høge Store Skagastølstind - eller Storen som den og vert kalla - og Fanaråken på 2068 m.o.h.
I 1888 vart det bygt to hotell på Turtagrø.
Fjellførar Iver Nilsson Øiene bygde det eine hotellet, og dreiv det til 1910 då han reiste til Amerika. Ole Berge, som dreiv det andre hotellet, tok då også over drifta av Øiene sitt hotell.
I januar 2001 brann hovudbygget på Turtagrø Hotell - dvs. det som var tufta på Ola Berge sitt første hotell - ned til grunnen. I 2002 vart eit nybygg med 19 rom og 45 senger teke i bruk.
Jotunheimen nasjonalpark vart skipa i 1980 og ligg i kommunane Årdal og Luster i Sogn og Fjordane og Lom og Vang i Oppland fylke. Det verna området er på 1.145
kvadratkilometer.
|
Skagastølsryggen. Storen til høgre er det mest kjende klatrefjellet i Noreg. (Foto: Arild Nybø © 2003) |
Skagastølsryggen. Storen til høgre er det mest kjende klatrefjellet i Noreg. (Foto: Arild Nybø © 2003)