SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Luster:

Ole Berge tek over konkurrent-hotellet

Turtagrø hotell med annekset til høgre. (Foto: NRK)
Turtagrø hotell med annekset til høgre. (Foto: NRK)
Øiene dreiv hotellet sitt til 1910, då han reiste til Amerika. Ole Berge tok då også over drifta av dette hotellet. Det er Øiene sitt hotell som framleis står oppe i bakken ovanfor det nye hotellet på Turtagrø, og går under nemninga "Annekset".

Publisert 01.09.2003 14:28. Oppdatert 01.03.2006 10:38.
Hotellatmosfæren på Turtagrø var sterkt prega av at dette var eit senter for tindesport: Taukveilar, isøkser og anna spesialutstyr hang i hallen, og veggane vart prydde med bilete frå djerve klatreturar.

Biblioteket i gamle Turtagrø hotell. (Foto: NRK)
Det hende at Ole Berge måtte ut på trappa og blåse i posthornet og vifte med ei lykt, for å lose folk som hadde mørkna ute trygt ned frå fjellet. Same kva tid på døgnet fjellfolket vende heim til hotellet - om det var dagen eller mørkaste natt - fekk dei servert varm middag av vertskapet!

Då Ola Berge døydde i 1928, overtok dottera Kari Berge (1883-1952) hotellet og dreiv det til ho døydde. Det var då utbygd til eit moderne hotell med 44 rom og 80 senger. I 1952 overtok systersonen Johannes Drægni (1928-2006) frå Fortun som hotelleigar.

Ole Berge Drægni framfor Store Skagastølstind. (Foto: Steinar Lote, NRK)

Omkom i Thailand

Den siste på ættetreet var Ole Berge Drægni (1964–2004), som arbeidde som lektor i Sogndal og Bergen om vinteren og som turistvert på Turtagrø om sommaren. Han omkom i den store flodbylgjekatastrofen (tsunamien) som råka strendene kring Det indiske hav 2. juledag 2004. Han ferierte då i Thailand.

Brakkeleir i nabolaget

Frå 1956 fekk hotellet eit spesielt "naboskap", då det det vart bygt ein brakkeleir for 700 anleggsarbeidarar i Fortun-anlegga. I den lange anleggsperioden var det lite fjellturistar som tok inn på Turtagrø, men dei kom tilbake då kraftutbyggingsperioden var omme.

Førre side:
· To hotell side om side
Neste side:
· Ein tragisk brann
Hovudside:
· Fjellklatrarhotella på Turtagrø


MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no