SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Luster:

Fornminne i Luster

Stridshammar frå 1500-talet.
Stridshammar frå 1500-talet.

Jernalder-garden på Modvo

I liene over Hafslo ligg ruinane etter jernaldergarden Modvo.

Publisert 08.09.2003 10:01. Oppdatert 08.05.2006 11:11.

Veidekultur

I fjellheimen i Luster finst det ei mengd minne etter gamal jakt- og veidekultur: Fangstanlegg, leiegjerde for rein, bogestelle og hellarar der frosne jegerar kunne søkje ly.

Skålgroper

Ved stølsgrenda Osen i Mørkrisdalen og fleire stader i Dalsdalen finn ein såkalla skålgroper i nokre steinar på stølsvollen. Desse fortel at området har vore viktig alt før Kristi fødsel. Skålgropene kan ha vore brukte antan til ofring eller til koking.

Bautasteinar

I fjordbygdene finn ein m.a. to bautasteinar i Solvorn, ein på Ornes, ein på Hafslo og ein på Flahamar.

Smykkefunn i gravhaugar

Reimspenne av forgylt sølv frå 600-talet funne på Sørheim i Luster
I tillegg til: Jernalder-garden på Modvo, er det gjort rike funn i gravhaugar frå jernalderen på Ornes, Ytre Kroken, Nes og Sørheim. Mellom funna på Sørheim var eit forgylt kvinnesmykke frå det sjettehundreåret og eit steikespidd frå 900-talet.
På garden Melheim i Hafslo og på Bolstad i Skjolden er det også funne ringspenner og beltespenner.
På Talle er det m.a. funne to armringar.
I fleire bygder har ein funne såkalla ovalspenner, og eit kvinnemsykke frå 900-talet med irsk opphav vart funne på Flahamar.

Våpen i gravene

Frå perioden 600-1000 e. Kr. er det funne ei mengd våpen i Lustra-bygdene: 21 økser, 17 sverd, ei brynje, 21 pil- og spydspissar og fire skjoldbuler.
På Melheim i Indre Hafslo er det m.a. funne ei ringspenne i bronse frå 800- 1000 e. Kr. som truleg stammar frå Baltikum.
Spydodd frå vikingtida funne på Nygard.

Eit staseleg fornminne vart gjort i ei røys på garden Nygard i Ytre Hafslo i 1908. Det var eit vakkert spyd frå ca. 900-1000 e. Kr., 50 cm. langt og prydd med sølv og kopar. I 1827 vart det funne restar av eit liknande sølvpryda spyd på garden Lomheim.

Bronsekjelar

Bronsekjel frå 400-talet funnen på Kongshaug på Hauge.
Eit av dei gjevaste fornminna frå Luster er ein bronsekjele som vart funne i ei grav frå det femte hundreåret e. Kr. i Kongshaug på garden Hauge i Skjolden. Den var så godt som uskadd. Kjelen stammar truleg frå Frankrike.

På garden Saude sør for Luster vart det funne restar av tilsvarande kjelar som vart brukte til oppbevaring av beinrestar i branngraver.

På Ytre Eikum ligg ein gravhaug like ved gardstunet. Haugen skal opphaveleg ha vore fem-seks meter høg og hatt eit tverrmål på 22 meter. Inne i haugen vart det funne to branngraver frå eldre jernalder, d.v.s. 500–550 f. Kr.f. , og eit par hellegraver med beinrestar.

På garden Dvergsdal mellom Eikum og Marifjøra ved utløpet av Gaupnefjorden ligg ei gravrøys som vert kalla Dvergshaugen. Munnlege kjelder seier at Dvergshaugen vart nytta som rettarstad i gamle dagar.

Kjærleikssoga om dottera på Ornes og Vetti-kongen

- den tragiske soga frå vikingtida om kongsson Hagbart i Vetti som beila til kongsdotter Signy på Ornes. To gravhaugar frå denne tida er seinare opna.

Mellomalderhovdingar på Ornes

Utanom segna som er knytt til småkongen Ragnvald frå vikingtida, er Ornes kjend som eit stormannssete seinare i mellomalderen.

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no