SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Luster:

Kjærleikssoga om dottera på Ornes og Vetti-kongen

På Ornes - Urnes - skal småkongen Ragnvald ha budd. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK © 2003)
På Ornes - Urnes - skal småkongen Ragnvald ha budd. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK © 2003)
Frå vikingtida seier segna at det budde ein småkonge på Ornes som heitte Ragnvald. Han hadde ei fager dotter som heitte Signy.

Publisert 08.09.2003 09:41. Oppdatert 18.11.2003 13:07.
Inne i Årdal budde ein annan småkonge i Vetti, og sonen hans, Hagbart, la sin elsk på Signy. Man Ornes-kongen sette seg imot giftarmål mellom dei to. Difor bygde han eit hus oppe i brattaste fjellet og stengde Signy inne der slik at ikkje friaren frå Årdal skulle nå henne.

Kledde seg ut

Men Hagbart visste råd: Han kledde seg ut som kvinne og rei over fjellet mot Ornes. Der sa han at han var dotter til kongen i Vetti, og ville så gjerne inn til Signy for å sy saman med henne. Dermed slapp friaren inn. Men ei kvinne som heldt vakt, oppdaga lureriet, og medan dei elskande sov, stal ho skorne og sverdet til Hagbart og fortalde Ornes-kongen kva som gjekk føre seg.

Teken til fange

Kong Ragnvald fanga Hagbart og batt han med sterke reip, men den sterke Hagbart sleit seg laus. Då skar dei nokre lange lokkar av håret til Signy og batt han med. Hagbart hadde Signy så kjær at han ikkje ville slite av håret hennar, og slik vart han fanga og dømd til å bli hengd.

Tragisk slutt

Men før han gjekk til galgen, hengde han kappa si over eit kjerr. Då Signy såg kappa, trudde ho at det var kjærasten som hang der. Då sette ho eld på huset sitt og brann inne. Staden der huset låg, kallast framleis Signysalen eller Møysalen. Like etter brannen vart kjærasten Hagbart hengd.

Bygdefolket hemna seg

Men tenestekvinna - terna - som hadde slarva om kjærleiksparet til Ornes-kongen, vart ille ute: Bygdefolket tok terna og stampa ho ned i jorda. På den staden der ho vart drepen viser enno ei hole som heiter Ternehola, og der veks ikkje eit einaste grasstrå.

Gravhaugane opna

På Ornes ligg der to gravhaugar. Den største heiter Ragnvaldhaugen og skal vere for kong Ragnvald. Den andre er Hagbarthaugen for beilaren Hagbart frå Vetti.

I 1840 vart Hagbarthaugen opna. Her fann ein fleire gravrom - det eldste frå bronsealderen. Eit av gravromma var dekt med ei dekorert helle, og under den fann ein m.a. ein dunge kirsebærsteinar som var friske og uskadde. I Ragnvaldhaugen har ein funne eit bryne som er datert til 600-1000 e. Kr. Det var og merke etter ein båt i haugen.

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no