SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Luster:

Adelsgardane i Luster

I Luster ligg det fleire storgardar som i mellomalderen og seinare høyrde til adelsætter og embetsmenn.
Dei meste kjende adelsgardane er Kroken, Sørheim, Fet og Kvam, og på Eide, Talle, Flahamar og i Solvorn budde det både embetsmenn og rikfolk.

Publisert 08.09.2003 11:01. Oppdatert 10.11.2003 09:58.

Storfolk på Ytre Hafslo

I den islandske Landnåmaboka vert det fortalt at Aud den djupaugde kom til Island på 800-talet og rudde seg gard. Denne garden kalla ho Kvam.

Adelsgarden Fet i Indre Hafslo

På garden Fet i indre Hafslo vart det bygt kyrkje på 1200-talet, og garden var adelsgard fram til kring 1610 (i fylgje Jon Laberg). Seinare var den i lang tid eigd av m.a. futar og andre overklassefolk.

Adelsfolk frå Benkestok-ætta på Jordanger

Adelsfolk frå Benkestok-ætta på Jordanger
Garden Nedre Jordanger i Indre Hafslo kom i den norske adelsætta Benkestok si eige tidleg på 1500-talet, og på slutten av 1500-talet vart Jordanger gjort til adeleg setegard.

Adelsætt på Sterri i Ytre Hafslo

I 1591 høyrer vi om ein adelsmann som kallar seg Samson Nielsen "til Størri". Han var i fylgje med 59 andre norske adelsmenn som møtte kong Christian IV i Oslo, og har på denne tida budd på garden Sterri i Hafslo. Ein gong mellom 1691 og 1600 har denne adelsmannen flytta frå Sterri til Tjugum i Balestrand, og samstundes sagt frå seg adelskapet.

Kroken - adelssete og kulturelt senter

I Ytre Kroken har det budd høgætta folk frå uminnelege tider, og kartograf Gerhard Munthe gjorde Kroken frå 1830-talet og utover til eit av dei viktigaste sentra for biletkunstnarar i Noreg.

Sørheim-godset

Bygda Sørheim på austsida av Lustrafjorden er i dag mest kjend som heimbygda til "konserves-familien" Lerum, men var i mellomalderen sete for ei mektig adelsætt.

Mange futegardar i Luster

På mange av dei beste gardane i Luster har det fram gjenom tida budd futar:
· Dale var eige len og futedøme
· Den illgjetne Dale-futen Peder Frost
· Flahamar vert futegard
· Fute- og sorenskrivargarden Talle

Embetsgarden Flahamar

Like ved riksvegen mellom Høyheimsvik og Luster ligg eit vakkert, gamalt herskapshus frå 1700-talet, lunst skjerma av neset Skansen som stikk ut i fjorden. Dette er den gamle embetsmannsgarden Flahamar, der sjølvaste Ludvig Holberg ein gong i tida var huslærar.

Fute- og sorenskrivargarden Talle

Talle-garden ligg på vestsida av Lustrafjorden, og var frå 1630 futegard, og 1666-1690 og 1729-1746 sorenskrivargard i indre Sogn.

Storgarden Eide i Skjolden

Garden Eide i Skjolden hadde i si tid den største kornåkeren i Sogn. Frå 1629 til 1648 var garden sete for sorenskrivaren.

Sorenskrivaren budde lenge i Solvorn

Ved stranda i Solvorn ligg eit av dei største herskapshusa i Sogn. Det har halvvalma tak, og er på 2 1/2 etasje. Dette er den gamle sorenskrivargarden i indre Sogn. Sorenskrivaren i indre Sogn heldt til i Solvorn i over 150 år.

Mogarden i Hafslo

Ved Hafslovatnet, omlag midt i det noverande Hafslo sentrum, finn vi storgarden Mo. Denne garden var på 1700-talet eigd av folk frå Munthe-slekta. Fram til 1764 var Mo eigd av kaptein Gerhard Christofferson Munthe, som då let den gå i byte for storgarden Ytre Kroken - sjå: Kroken - adelssete og kulturelt senter.

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no