Det var Tollef Trondsen Benkestok som fekk hand om Jordanger ved eit giftarmål med Adelus Eriksdotter frå Fet.
Folk frå Benkestok-ætta vart også på slutten av 1500-talet gifte inn i adelsætta Kruckow, som styrde og rådde på Sørheim og i Kroken ( sjå
Sørheim-godset og
Kroken - adelssete og kulturelt senter). Slik har Benkestok-ætta truleg fått hand om endå meir jordegods i Sogn.
Flytte til Nordland
I 1523 finn ein
Trond Tollefson Benkestok som lensherre i Sogn, der han får hand om jorda i fem skipreider. Truleg busette han seg på garden Jordanger. Ved eit forlik med danskekongen i 1528 og den maktsjuke stattholdaren Vincens Lunge, tapte Trond Benkestok retten til å vere lensherre for Sogn og flytta til Meløy i Nordland. I Meløy eigde han store eigedomar gjennom eit giftarmål med Anna Johnsdotter Haar frå adelsætta Gyldenløwe. Han fekk først den lågadelege tittelen væpnar, før han seinare vart riddar og rykte opp i høgadelen. Han var også eigar av eit par bygardar i Bergen, der han også var fut på Bergenhus og befalingsmann på festninga.
Saman med riksråd
Johan Kruckow på Sørheim-godset allierte han seg med erkebispen Olav Engelbrektson i Nidaros i kampen for å bevare katolisismen i Noreg på 1520-talet.
Pantsett og tapt
Sonen Tord (Thor) fekk hand om fleire gardar i Sogn og Hardanger. Sonesonen Trond Tordson til Hanager (på Lista) pantsette i 1617 eigedomane sine i Luster og Hafslo til futen Anders Lauritzøn, som då budde på garden Fuhr. Eigedomane vart aldri løyste inn, og dermed var Benkestok-ætta si tid i Luster omme.
Midt på 1600-talet rådde også den søkkrike
Preben von Ahnen til Bodøgaard over jordeigedomar på Jordanger.