SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Luster:

Johan Kruckow

Johan Kruckow (ca. 1470 - ca. 1539) fødd i Bergen, busett på Sørheim. Riksråd 1524-1536, adelsmann og lensherre i Sogn.

Publisert 08.09.2003 11:12. Oppdatert 24.10.2003 09:05.
Høyrde til ei rik adelsætt som stamma frå Pommern i Tyskland, og som m.a. rådde over store jordeigedomar på Vestlandet og på Island. Bestefaren Hans Kruckow var også riksråd midt på 1400-talet.

Store inntekter

Johan Kruckow busette seg truleg på Sørheim ved Lustrafjorden, hadde eigne skip og dreiv m.a. med nordlandshandel. Kruckow hadde m.a. skatte- og leigeinntekter på jordleige frå fem skipreider i Sogn, og eigde dessutan ein del gardar på Island.

Riksråd

I 1524 var han som riksråd med på å velgje Fredrik I til konge i Noreg, og vart sidan ein av dei viktigaste støttespelarane til kong Fredrik i kampen kring kongemakta i Noreg mot den upopulære Christian II. Då Fredrik I gjekk sigrande ut av kampen mot Christian II, fekk Kruckow tildelt store jordeigedomar på Ringsaker og i Båhuslen som takk for støtta til Fredrik.

Johan Kruckow vart ein alliert til den mektige katolske norske erkebispen Olav Engelbrektsson.

Mislukka leigemord

Vincent Lunge, den mektige lensherren til Bergenhus, kom i strid med Kruckow. Vincent Lunge var kjend som ein maktsjuk og grådig fyr. Han hadde m.a. rett til å krevje inn skattar frå jordeigedomar i Sogn. I 1527 prøve Vincent Lunge å ta livet av Kruckow ved å sende 40 leigesoldatar etter han.

Kruckow rømde og berga livet, men garden hans ved Lustrafjorden vart plyndra. Seinare fall Vincent Lunge i unåde og vart etter ei tid drepen.

Busette seg på Sørheim

Etter desse hendingane busette Kruckow seg truleg på Sørheim, for i 1531 skreiv han seg for "Johan Kruckow aff Søderem". Same året fekk han kongebrev på store jordeigedomar kring Lustrafjorden og på Nordnes og Fimreite ved Sogndalsfjorden.

Av dei sju borna til Kruckow vart dottera Anna først gift med adelsmannen Jon Olafson Teiste, som vart den første frå denne adels-ætta som eigde Ytre Kroken. Deretter vart ho gift med skrivar Anders Nielsen, som vart den første som fekk råderett over det spesielle Dale len - sjå: Dale var eige len og futedøme.

Sonen Hans Kruckow (ca. 1500 - ca. 1567) vart også ein sentral politikar i Noreg i tida kring reformasjonen, og var m.a. valt til utsending for det norske riksrådet til eit kongeval i København i 1534.

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no