Peder Frost (d. 1608). Fut. Busett i Dale frå 1575 som fut i det spesielle Dale len.
Anders Nielsen i Kroken utnemnde Peder Frost som fut i Dale, og han vart i alle høve sitjande i embetet til 1590, då det vart reist sak mot han med i alt 27 klagepunkt. Det var 20 bønder frå Luster sette bumerke sitt på dette klageskrivet. M.a. skulle Peder Frost med urette ha nytta mest kvart høve til å grave til seg både gods og jordeigedomar. Såleis skulle han ha truga til seg ei flott ku frå ein ung mann som under eit bryllup hadde hengt ein fugl i beltet på fut-dottera for moro skuld.
Tvinga bøndene
Bøndene harmast også over at dei støtt måtte arbeide gratis for futen, og at han tvinga dei til å stille hestar til rådvelde under onnene, og når han fann det for godt å reise på handelsferd over til Gudbrandsdalen.
Droppa militærskatten
Peder Frost gadd heller ikkje å krevje inn ein spesiell militærskatt frå bøndene, som dermed truleg måtte reise heilt til Bergen for å betale skatten.
Dobbel avgift
Lustrabøndene måtte også svare dobbelt som mange slaktedyr i avgift til Kongen som det var vanleg elles i landet, og Frost tvinga bøndene til sjølve å frakte dyra heilt fram til Bergen.
Truleg avløyst av Lauritzøn
Det er uvisst om Lustra-bøndene sitt klageskriv til Kongen fekk fylgjer for futen Peder Frost, men han vart truleg buande i Luster til han døydde i 1608.