SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Luster - adelsgardane:

Munthe-folket tek over i Kroken

"Fra Ytre Kroken i Luster" måla av Johannes Flintoe i 1819. Det store herskapshuset ligg oppi bakken. (Foto: Ramsus Meyers Samlinger)
I 1764 vart kaptein Gerhard Christofferson Munthe eigar av garden i Kroken. Han fekk hand om Ytre Kroken ved eit makebyte med storgarden Mo i Hafslo.

Publisert 08.09.2003 14:14. Oppdatert 10.11.2003 13:43.
No var det på nytt handelsmann Svabo og kona Maren Theiste som eigde Kroken. Maren og Svaboe hadde nemleg i 1759 reist odelssak mot Leyrdahl-folket for å få tilbake Kroken. Dei vann saka, men makebytte i staden Mo-garden med Munthe.
Ytre Kroken vart i Munthe-ætta heilt fram til 1884.

Stort herskapshus

Munthehuset i Ytre Kroken. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Denne kaptein Gerhard Christofferson Munthe vart på folkemunne kalla "Storekapteinen". Han bygde første byggjesteg på det store herskapshuset som seinare har vorte kalla "Munthehuset". Dette huset fekk ved ei utviding i 1840-åra den utsjånad som vi kjenner i dag. På denne tida hadde gardstunet i alt fem stovehus og 17 uthus. Her var også eit par sagbruk ved Krokaelvi, og sjøbuer og kai. I hagen vart det dyrka frukt, grønsaker og humle til brygging.

Potetdyrkar

Storekapteinen Gerhard Chr. Munthe. (Foto: NRK)
Gerhard Chr. Munthe skal også ha vore ein av dei første som tok til å dyrke poteter her i landet då han i 1765 sådde den første potetåkeren på den nye garden sin i Ytre Kroken.

Sonen hans, Hartvig Kaas Munthe (1766-1830) tok over eigedomen, og det var i hans styringstid at Kroken vart eit kunstnarsenter. Dette hadde samanheng med sonen til Hartvig - den kjende kartografen og historikaren Gerhard Munthe d.y..

Førre side:
· Teiste-ætta kjem til Kroken
Neste side:
· Kunstnarane i Kroken
Hovudside:
· Kroken - adelssete og kulturelt senter


MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no