SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Luster - adelsgardane:

Kunstnarane i Kroken

Kaptein Gerhard Munthe d.y.
Kaptein Gerhard Munthe d.y.
Kartograf Gerhard Munthe hadde gjennom arbeid og mange reiser i inn- og utland knytt kontakter med mange kunstnarar. Han var sjølv ei dugande teiknar, var svært interessert i kunst, og gjorde Kroken frå 1830-talet og utover til eit av dei viktigaste sentra for biletkunstnarar i Noreg.

Publisert 08.09.2003 14:19. Oppdatert 05.12.2003 14:31.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Kartograf Gerhard Munthe [WM]  Konservator Roald Aanerud ved museet til Statens Kartverk fortel til Ottar Starheim om kaptein og kartograf Gerhard Munthe frå Kroken.

Johannes Flintoe

Flintoe var den første kunstnaren som vitja Kroken.

I. C. Dahl

I 1826 kom I. C. Dahl (1788-1857) til Kroken første gong. Dahl er kjend som den første store romantikaren i Noreg og den som innleia "gullalderen" i norsk målarkunst.

Thomas Fearnley

Thomas Fearnley (1802-1842) frå Fredrikstad møtte I. C. Dahl for første gong i Kroken i 1826 og vart seinare eleven hans.

Peder Balke

Balke var elev av I. C. Dahl, og gjennom Dahl fekk han også lyst til å reise til Sogn.

Johan Georg Paul Mohr

Den danske målaren Johan Georg Paul Mohr (1808-1843) fylgde med venen I. C. Dahl til Luster, og i 1836 måla han "Parti ved Lysterfjord - Norge" og "Morgenbelysning, parti ved Flahammer i Bergen Stift og Landskab".

Andreas Achenbach

Andreas Achenbach (1815-1910) vitja Kroken i 1939 saman med den polske kunstnaren Christian Breslauer (sjå om denne nedanfor). Achenbach vart seinare professor i målarklunst i Düsseldorf.

Adolph Tidemand

Adolph Tidemand (1814-1876) vitja også Kroken, dit han kom etter ei reise over Sognefjellet frå Gudbrandsdalen i 1843. Han kom tilbake til Sogn i 1849.

Joachim Frich

Joachim Frich (1810-1858) frå Bergen vitja Kroken i 1843. Han var Dahl-elev frå Dresden, og måla eit stort bilete av Kroken-garden medan han var der.

H. F. Gude

Hans Fredrik Gude (1825-1903) er truleg den norske biletkunstnaren frå den romantiske perioden som har måla flest motiv frå Sogn.

Gerhard Munthe

Den kjende kunstmålaren Gerhard Munthe (1849-1929) frå Elverum var brorson til den kjende namnebroren sin, kartografen og kunstarvenen Gerhard Munthe i Ytre Kroken.

Utanlandske kunstnarar i Kroken

Thomas Fearnley hadde budd i Stockholm, og med hans tilråding vitja kjende svenske biletkunstnarar Kroken. Også kjende biletkunstnarar frå Tyskland, Polen og England stakk innom Kroken.

Førre side:
· Munthe-folket tek over i Kroken
Neste side:
· Husmorskulen i Kroken og på Hafslo
Hovudside:
· Kroken - adelssete og kulturelt senter



MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no