|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Luster - adelsgardane: Munthehuset til forfall og restaurering | Interiør i Munthe-huset etter restaureringa. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Sist på 1980-talet tok kulturvernarar i Sogn opp arbeidet med å få sett i stand den historisk viktige bygningen - mellom desse journalist Wibeke Knagenhjelm og kultursjefen i Luster, Erling Bjørnetun. Publisert 10.09.2003 15:07. Oppdatert 18.11.2003 15:49.LYD OG VIDEO
Ein annan kjend kulturperson som ivra sterkt for å ta vare på det historiske huset, var filosofen Arild Håland frå Bergen. I samarbeid mellom Luster kommune, medlemer av Munthe-slekta, bonde og huseigar Nils Kroken og museumsfolk vart det skipa ei eiga stifting - "Stiftelsen Munthehuset i Ytre Kroken". Denne stiftinga gjorde avtale med Nils Kroken om å få overta huset, og i 1988 vart det sett ned ei prosjektgruppe.
Restaureringsarbeidet starta i 1995 og var fullført til Kulturminneåret i 1997. M.a. vart det dekt av vakre takmåleri i festsalane i 2. etasje, og den spesielle "Kongesalen" vart sett i stand og møblert som i gamle dagar. Denne vart nytta som gjesterom då kong Carl IV av Noreg-Sverige som kronprins vitja Kroken i 1856.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|