På mange av dei beste gardane i Luster har det fram gjenom tida budd futar.
Futen
Anders Lauritzøn Heiberg (d. 1630) var busett på garden Fuhr (For) like sør for Dale, men det året han døydde var han flytta til garden Talle litt lengre sør ved Lustrafjorden.
Johan Hansson Rue kom frå Danmark og vart fut i Sogn i 1686. Same året kjøpte han storgarden Røneid i Gaupne og budde der til han døydde i 1696 - sjå:
Handel og gjestgiveri på Røneid.
Frå 1853 var futen busett på Flahamar. 1685 busette Sogne-futen
Johan Hansson Rue seg på Valaker, ein gard han eigde i Solvorn, men året etter flytta futen til ein annan gard som han eigde på Røneid i Gaupne. Sjå elles nedanfor om futane i artiklar om gardane Flahamar og Talle - og om det spesielle lenet eller futedømet i Dale prestegjeld.
Fram til 1565 var heile Sogn samla i eitt len - dvs. den tids "fylke". Men dette året skilde den dansk-norske kongen ut Dale prestegjeld i Luster som eige len - med eigen lensherre.
Lensherre Anders Nielsen i Kroken utnemnde Peder Frost som fut i Dale, og han vart i alle høve sitjande i embetet til 1590, då det vart reist sak mot han med i alt 27 klagepunkt.
Like ved riksvegen mellom Høyheimsvik og Luster ligg eit vakkert, gamalt herskapshus frå 1700-talet, lunt skjerma av neset Skansen som stikk ut i fjorden. Dette er den gamle embetsmannsgarden Flahamar, der sjølvaste Ludvig Holberg ein gong i tida var huslærar.
Talle-garden ligg på vestsida av Lustrafjorden, og var frå 1630 futegard, og 1666-1690 og 1729-1746 sorenskrivargard i indre Sogn.