Talle-garden ligg på vestsida av Lustrafjorden, og var frå 1630 futegard, og 1666-1690 og 1729-1746 sorenskrivargard i indre Sogn.
På garden er det gjort fleire rike funn frå vikingtida (800-1000 e.Kr.) - m.a. vart to sølvarmband frå vikingtida funne under ei helle i 1861. På armbanda er det tredd inn mindre sølvringar, og funnet liknar på tilsvarande funn som vart gjorde i Osebergskipet. Også i 1905 vart det funne to armringar i sølv på Talle.
Sete for Heiberg-ætta
I 1612 vart Talle sete for den kjende Heiberg-ætta som vi seinare m.a. finn att på Amla - sjå:
Heibergane kjem til Amla. Det er truleg at Heiberg-ætta kom til Sogn frå Jylland i Danmark under 30-årskrigen. Den første frå denne ætta på Talle, var
Søffren Lauritzsøn Heiberg. Søffren samla seg etter kvart store eigdomar i Luster, og var også fut frå 1630.
Sønene overtek
Broren heitte
Anders Lauritzøn Heiberg og skulle vere ein av dei som eigde mest jordegods i Sogn då han døydde i 1630 (i fylgje Jon Laberg). Grunnen skulle vere at han hadde fått hand om godset som Benkestok-ætta hadde samla seg i Sogn - sjå:
Adelsfolk frå Benkestok-ætta på Jordanger. Sonen
Anders Søfrenssøn Heiberg arva Talle, og var dessutan sorenskrivar i indre Sogn frå 1666 til han døydde i 1688. Då overtok sonen
Giert Anderssøn Heiberg både gard og embete etter faren. Han budde ei stund på Talle, men kjøpte i 1690 eit gardsbruk på Amla ved Kaupangerbukta og flytta dit.
På Amla vart Giert Heiberg stamfar til den kjende Heiberg-ætta som m.a. vart eigarar av eit stort skoggods og som seinare sto for oppbygginga av
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Garden Talle leigde Heiberg bort fram til 1700, då bruket vart delt i to.
Ut av embetsslektene
Frå 1729 eigde sorenskrivar Georg Buchard Jersin den eine Talle-garden og budde der til han døydde i 1746. Frå 1751 til 1763 var det Peter Rumohr Leyrdahl frå Lærdal som eigde bruket. Han var son til den rike presten
Hans Leyrdahl , og då han i 1763 flytta heim att til Lærdal, selde han Talle til presten Jens Munthe. Då Munthe fekk prestekall i Suldal i 1775, selde han Talle til lensmann Thomas Hanssen Dalsøyri, og med dette salet var Talle ute av dei mest kjende jordeigarslektene i Sogn.