SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Luster:

Jostedalen folkesett frå Nordfjord

Svartedauden la bygdene i Jostedalen aude på 1300-talet og i lang tid frametter. (Foto: Atle Løkken, NRK)
Svartedauden la bygdene i Jostedalen aude på 1300-talet og i lang tid frametter. (Foto: Atle Løkken, NRK)
Segna om Jostedalsrypa fortel at jenta var den einaste overlevande i dalen etter Svartedauden som herja landet kring 1350.

Publisert 29.09.2003 10:08. Oppdatert 12.11.2003 12:15.
Dei fleste kjeldene peikar mot at dalen må ha vore totalt avfolka også på slutten av mellomalderen - dvs. kring 1500. I lang tid vart det m.a. ikkje likna ut skatt frå nokon i dalen. (Sjå også: Svartedauden la bygdene aude i Luster.)

Kring 1585 ser ein av skattelista at det er kome liv i dalen att: Då er det registrert 24 gardbrukarar eller "ryddebolsmenn" - dvs. nybrotsmenn som fekk tildelt jord frå Kongen. Slike fekk skattefritak. På denne tida hadde dei sett opp eit nytt kapell i dalen.

Dei første som flytta inn og på nytt folkesette den utdøydde dalen, kom nok mest frå Sogn. Men også folk frå Nordfjord og Gudbrandsdalen kom over bre og fjell og vart
"ryddebolsmenn" i Jostedalen.

Mest nordfjordingar øvst i dalen

Når ein kjem fram til tida kring 1600, viser det seg at innflyttarane frå Nordfjord er i fleirtal - særleg i dei øvste grendene i Jostedalen. Dette kan også ha skapt grunnlaget for den heilt spesielle Jostedals-dialekten - sjå: Jostedals-dialekten slektar på Nordfjord-målet. Folk øvst i dalen ættar etter fleire historikarar sitt skjøn frå Nordfjord, medan dei lengre nede i dalen ættar for Sogn.
Ei skatteliste frå 1611 viser at det også då var flest innflyttarar frå Nordfjord i Jostedalen.

Frå 1790 og utover vandra det også folk inn i Jostedalen frå Ottadalen - særleg frå Bråtådalen i Skjåk.

Tøffe tider

At det ofte kunne vere stridt å overleve i dei øvste bygdene i dalen, vitnar ei historie frå 1300-talet om: Ei kone vart stemd for retten, skulda for å ha stole korn. Ho skulle dessutan ha blanda nepe i smøret som ho skulle yte til Kongen i landskyld!

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no