Jostedalsbreen er den største fastlandsbreen i Europa, og dekkjer eit areal på 487 kvadratkilometer frå Strynefjellet i nord og til Fjærland i Sogn i sør.
Særleg på 1970- og 1980-talet vart Jostedalsbreen og landskapet ikring utsett for eit sterkt press for kraftutbygging.
I 1992 vedtok Stortinget og gjere Jostedalsbreen med nærliggjande brear og sidedalar til nasjonalpark. Kring 1990 vart det opna tre bresenter nær Jostedalsbreen.
Frå gamalt av har det vore mykje ferdsle over Jostedalsbreen - særleg mellom Jostedalen og Nordfjord. Her gjekk m.a. nokre av dei viktigaste driftevegane.
Det sterke sambandet mellom jostedøler og fjordingar over Jostedalsbreen fekk også eit høyrbart utslag: Jostedals-dialekten.
I "Den vesle istida" voks m.a. Jostedalsbreen kraftig, og brearmane skaut seg mange kilometer frametter dalane, og tok med seg hus og gardar. Som om ikkje plaga med breen var nok, vart Jostedalen også herja av store elveflaumar.
Jostedalsbreen og det ville høgfjellet ikring har frå dei eldste tider eggja folk med eventyrlyst og sans for å gjere "karstykke".
Den første forskaren som kryssa breen, var dansken Gottfred Bohr i 1820.
Om soldatar som gjekk seg vill i skodda, tenestejenta som vart drepen, og om ingeniøren som overlevde eit fall på 35 meter der sekken dukka opp att etter 27 år i breen.
|
Briksdalsbreen måla av Otto Sinding.© Blomquist |