|
Fleire kjellarar vart fylte med flaumvatn. (Foto: NRK) |
Skadane var særleg store på gardane i Fossøyane og Myklemyr. Her sto vatnet heilt opp i andre høgda på bustadhusa, og både hus og innbu vart rasert.
Ingen menneskeliv gjekk tapt, og ingen kom til skade, men mange som budde utsett til vart evakuerte.
Riksvegen til Jostedalen vart sterkt øydelagt, og dei fleste bruene vart øydelagde.
|
I Jostedalen er det opp eit merke som viser kor høgt vatnet gjekk i 1979. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003) |
Større enn førre hundreårsflaum
Fleire av sideelevane til Jostedalselva braut nye far. Mellom anna braut Sagøyelva seg tvers gjennom det gamle kommunehuset, der det framleis var bank og bibliotek.
På Myklemyr stod flaumvatnet denne gongen to meter høgare enn det hadde gjort under "hundreårsflaumen" i 1898.
Katastrofeområde
Jostedalen vart erklært som katastrofeområde, og det gjekk fjorten dagar før det var ordna med eit provisorisk vegsamband med omverda. I mellomtida gjekk alt samband til Jostedalen med helikopter.
|
Elva tok med seg dei fleste bruene. (Foto: NRK) |