Knyttneveslag enda i knivdrap
I 1571 var eit ektepar innblanda i ei hending som enda med drap i Hafslo: Lasse Venjum frå Hafslo vart tiltala for drap på Per Jonsson. Det var den drepne som hadde starta rabalderet då han ville slå til ein kar, men råka kona til Lasse Venjum i staden. For dette vart Lasse så arg at han drog kniv og drap Per Jonsson. Det er ukjent kva domen lydde på.
I 1631 vart drengen Jacob Eriksen frå Nordfjord drepen med kniv av husbonden sin Peder Rasmussen på Kvale i Luster. Peder hadde kome over drengen medan han sat i eldhuset og fylte seg med husbonden sitt øl.
Gaupne-kvinne avretta for drap på ektemaken
I 1636 vart Karen Råum i Gaupne avretta for å ha teke livet av ektemaken Erik. Truleg var det krangel om eigedomar som utløyste drapet. Karen hadde nemleg arva både garden i Gaupne og ein eigedom i Langateig i Fjærland. Då ektemaken Erik i 1634 hadde freista å leige bort garden i Fjærland, vart det sak, og han vart dømt til ei bot på 20 dalar. Også på anna vis ser det ut til at Erik ikkje har skjøtta eigedomane slik som kona meinte han burde.
I 1662 vart Jacob Trolsen avretta for drap, og i 1669 vart Mikkel Ormeberg frå Jostedalen avretta.
I 1672 vart Erik Venjum i Hafslo drepen av leiglendingen sin, Knut Heggestad.
Mora til dødfødt barn vart avretta
Å avle barn utanfor ekteskap kunne i gamle dagar ende med både forvising og det som verre var.
I 1667 gjekk det retteleg ille for ei ung kvinne på indre Hafslo. Guri Olsdotter Fet gøymde seg bort og fødde eit "uekte" barn heime på loftet i Fet. Men barnet var fødd mykje for tidleg, og mora meinte det var dødt ved fødselen. Ho sveipte liket og la det i ei seng på loftet. Andre som såg barneliket kunne stadfeste at det truleg var fødd berre 25 veker gamalt.
Likevel vart mora tiltala for drap og avretta ved halshogging.
I gamle dagar var det straff for å feire bryllup meir enn i ein dag. Difor måtte både god mat og drykk nytast medan den var å få denne eine dagen.
Tvangsarbeid i Kongens bergverk og i fiskeværa i Nord-Noreg var vanlege straffemetodar for folk som fekk born utanfor ekteskap i gamle dagar.
I 1713 fekk Paul Torkildson Hillestad frå Veitastrond hard straff for utruskap og mangt anna: Den gifte mannen freista å bli skild ved å skulde kona for utruskap.
I gamle dagar gjorde dei styrande gode pengar på å ileggje folk bøter for dei mest utrulege ting.
I pinsa 1713 var ei 30 år gamal kvinne og ein 50 år gamal mann frå Jostedalen på veg opp dalen etter eit ærend nede i fjordbygdene. Men kvinne kom aldri heim att.
Dømd for trolldom og avretta
Guro Johannesdotter i Gaupne vart kalla "Pine-Guri", og hadde frå 1630 drive med ulike "trolldomskunstar". Guro vart stilt for retten, skulda m.a. for å ha truga Birgitte Øvrebø med at det skulle gå henne ille - og like etter dette så døydde Birgitte. Fleire vitne kunne også fortelje om både hest og ku som døydde etter at eigarane hadde kome i krangel med Pine-Guri.
Mannen til Pine-Guri hadde vorte avretta nokre år tidlegare for tjuveri. No gjekk det ikkje betre med Pine-Guri, som vart avretta i 1664.
Ola Jonsson og grannen Ola Eriksson som levde på Melheim på Indre Hafslo kring 1700, var bitre uvener. Ein gong dei kom i krangel i vedaskogen, hogg Ola Jonsson til Ola Eriksson med øks. Den andre forsvarte seg med staur.
Væpna ran i Solvorn
Væpna ran er slett ikkje noko nymotens: I 1635 vart bonden Rasmus Øvrebø i Solvorn rana av grannen Askild Øvrebø. Under ranet hadde Askild sikta på Rasmus med eit gevær. Kva var utbyttet av det væpna ranet? Ei tønne tjære!
Sinnsjuk brannstiftar vart piska og brennmerkt
I 1704 brann mange hus på garden Ugulen i Indre Hafslo ned. Det viste seg at ein kvinne frå Alme hadde sett fyr på garden. Ho hadde gjort noko liknande tidlegare på
ein gard på Fet. Fordi kvinna vart vurdert som utilrekneleg, slapp ho dødsstraff, som elles var vanleg for slike brotsverk på den tida. I staden var ho piska og brennemerkt i panna. Deretter vart ho vist bort frå Bergens stift - dvs. frå Vestlandet.
Kranglevoren Hafslo-prest vart avsett
I 1604 miste sokneprest Henrik Albertsen Graff i Hafslo kappe og krage: Han hadde gjort seg ei god ekstrainntekt på å krevje inn ulovlege avgifter ved gravferder og på urimelege jordleiger. Dessutan hadde han både kjefta folk ut og kome i slagsmål med dei.
Året etter let det til at også folk i Dale-soknet kvitta seg med ein vrang prest som heitte Anders Jonson. Sju lustringar møtte for domkapitlet som vitne i klagesaka på Luster- presten, og oppnådde det dei ville.
Kakeglade Per Olsson Molland vart dømd til "kakstryking" - dvs. pisking - og tukthus på livstid.
Avretta for drap på svogeren
Året 1700 vart Elling Bolstad frå Skjolden avretta på Dalsøyri etter å ha drepe svigerbroren Rasmus Person. Odelsguten Elling måtte uvillig dele garden likt med svigerbroren Rasmus, og dei var støtt i krangel. Etter ein krangel om ein hest drap Elling Rasmus med kniv. Etter drapet rømde Elling til skogs, men då folk vart sende etter han, gav han seg frivillig med. Det er ikkje kjent kva domen lydde på.
Den siste som vart avretta ved halshogging i Sogn og Fjordane var Jacob Johannesson Høyum i 1858.