|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Luster: Utvandringa frå Luster til Amerika | Eit reisefylgje reiser frå Skjolden med kurs for Amerika. Foto: K. Knudsen. |
Luster vart ein av dei store utvandrarkommunane i Sogn frå 1845 til hundreårsskiftet. I alt reiste 6.500 personar frå Luster-bygdene i åra mellom 1845 og 1900. Publisert 13.10.2003 10:19. Oppdatert 26.01.2007 11:40.Den sterkaste utvandringa var frå Luster prestegjeld, som åleine hadde 3.500 utvandrarar i denne perioden.
Bygdebokskrivaren Lars E. Øyane har rekna ut at 55 prosent av alle borna som var fødde mellom 1851 og 1860 i Luster, utvandra til Amerika.
Dei første utvandrarane var Hågen Torsteinsosn Nes, som reiste med familien i 1845.
Folketalet minkaI Luster som elles i Sogn, førte den sterke utvandringa frå 1840-talet og fram på 1860-talet til ein sterk nedgang i folketalet.
Kyrkjer med lustranamnDei største utvandrargruppene slo seg først ned i Minnesota og Wisconsin, seinare drog dei lengre vest til Dakota-prærien. I Buffalo County i staten Wisconsin vart "Lyster Lutheran Church" bygt i 1867. I 1887 vart "Hafslo Lutheran Church" bygt i Minnesota.
Ole Bull med stamtavle frå LusterDen verdskjende fiolinisten og komponisten Ole Bornemann Bull (1810-1880) frå Bergen har sterke ætterøter på Hafslo, der mora stamma frå folk frå Munthe-slekta og Ørbech-slekta.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|