Frå Vik er det skriftlege kjelder om epledyrking frå 1201, då ein "aldinhagi" - dvs. eplehage - vert omtala. Sjå:
Vik - pionérbygda for frukt i Sogn.
Planta frukttre
I 1664 vert det nemnt at folk i Kroken kunne kunsten å pode frukttre. Frå 1743 er det kjent at det vart dyrka både epler, plommer, kirsebær og stikkelsbær i Luster.
Bonden Jens Christensen Fuhr skal vere den første som planta ein større frukthage i Luster. Det var kring 1660.
Seinare kom
Ola Sjurson Fuhr som bonde i Fuhr (garden også skriven som Får). Han planta kring 1770 ein stor frukthage, dyrka mykje frukt for sal. Ola Sjurson Fuhr avla årleg 100-150 tønner frukt og var truleg den største fruktdyrkaren i Sogn på den tid. I 1780 fekk han 10 riksdalar i premie for dyrking og fordi han hadde planta 171 frukttre. Det kjende Fuhr-eplet kjem frå garden til Ola Fuhr. Han starta også planteskule og leverte plantar vide ikring til fruktdyrkarar i Sogn.
Laga vin
Frå Fuhr kom også amtsgartnar Sjur M. Fuhr. Sonen hans var Mons Fuhr, som bygde opp Grimstad Gartneri og dreiv ein etter måten stor vinproduksjon. Det mest kjende merket til denne vinprodusenten var den vermout-liknande fruktvinen "Fuhr Fino".