|
Johan Christian Dahl (1788-1857): "Utsikt over Feigumfosskroken i Lysterfjord". Olje på lerret frå 1840. (© Blomqvist Kunsthandel) |
Spekulant
Johansen var yrkesmilitær, men satsa som så mange andre spekulantar på den tida på å gjere raske pengar på oppkjøp og vidaresal av fallrettar. Desse karane vart med rette kalla "fossespekulantar". Johansen hadde også drive oppkjøp av fallrettar på Austlandet, kring Voss og i Mauranger i Sunnhordland. Det var nok den store fallhøgda på Feigumfossen som lokka den første oppkjøparen dit.
Bygde inntil kraftkjelda
Før ein hadde teknisk utstyr til overføring av kraft over lengre avstandar, måtte kraftstasjon og fabrikk og kai byggjast så å seie vegg i vegg for å unngå krafttap. Dette kunne ein få til i Feigum, der fossen ikkje ligg så langt frå fjorden. Men likevel: Det er ikkje kjent om Hjalmar Johansen og hans selskap gjekk med planar om industri i Feigum. Feigumfossen er seinare verna mot utbygging.
Nokre av dei største fossekjøpa i fylket gjorde konsul
Harald Larsen. Etter store oppkjøp kring Høyanger, kjøpte han m.a. det store Fortun-vassdraget i Luster i 1905-1906 - sjå:
Fortun-utbygginga.
I 1917 kjøpte så to utflytte karar frå Røneid og Hafslo - grosserar og skipsreiar
Jacob Jacobsen Molland og advokat Erik Fraas - fallrettane i Jostedalselvi og Leirdøla - sjå:
Jostedals-utbygginga og
Leirdøla-utbygginga.