|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Luster: Hans O. VigdalHans O. Vigdal (1855-1903) frå Vigdal i Luster. Lærar, friluftsmann, bygdedokter og kulturminnesamlar. Publisert 20.10.2003 12:58. Oppdatert 28.05.2004 13:15.Tok lærarskulen i Balestrand og vart lærar på Austlandet, Sørlandet og i Årdal før han i 1885 vart lærar i heimbygda. Som lærar skal han ha vore ein av dei første i Sogn som innførte nynorsk i undervisninga.
I 1890 kjøpte han eit gamalt loft som han sette opp på stølen. Her budde han mykje om somrane. Dette "Vigdalsloftet" vart flytta til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på 1940-talet.
| Vigdals-bautaen ved Dale kyrkje. (Foto: Ottar Starheim, NRK) |
FjellklatrarVigdal var ein ivrig fjellvandrar, og var i 1890 blant dei første som kom seg til toppen av Store Skagastølstind (Storen). "Vigdals Sva" opp mot Store Skagastølstind har fått namnet sitt etter fjellklatraren Hans Vigdal.
NaturmedisinGjennom sjølvstudium skaffa han seg store medisinske kunnskapar, m.a. om lekjande plantar, og vart etter kvart ein vide kjend naturmedisinar.
Minne etter VigdalEi stove som han bygde på Vigdalsstølen, vert framleis nytta som hytte av Den Norske Turistforening. Ved stølen står også eit granfelt som han planta.
På grava hans ved Dale kyrkje i Luster reiste Sogns Lærarlag ein stor minnebauta.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|