SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Lag og organisasjonar i Luster

Her er nokre av laga og organisasjonane i Luster kommune:

Publisert 21.10.2003 09:54. Oppdatert 20.02.2007 14:10.

Haugianarane i Luster

Hans Nielsen Hauge kom til Luster og Hafslo første gong i 1802 etter oppmoding frå Johannes Fuglestig og Ola Fortun.

Feigianismen

- sjå Hans Feigum og: Haugianarane i Luster.

Tranittarrørsla

- Thrane-rørsla og Lærdal.

Leseselskap og samtalelag i Luster

I den veksande norskdomstida frå 1870-talet og utover vart det skipa såkalla "samtalelag" i fleire bygder. Dette var forløparane til dei frilynde ungdomslaga.

Gamlemisjonen

i Hafslo vart skipa i 1878. Gamlemisjonen var det folkelege namnet på
misjonsforeningar under Det Norske Misjonsselskap.

Luster ungdomslag

vart skipa i 1888 etter opptak frå lærar Andreas Gjelsvik. Dei første åra heitte laget Luster Samtalelag.

Hafslo Ungdomslag

Skipa i 1891 etter opptak frå Kristofer Alme.

Gaupne ungdomslag

vart skipa i 1893. Ungdomshuset Soltun vart bygt i 1958 og utvida på 1980-talet.

Indre Hafslo Ungdomslag

vart skipa i 1893. Det var Jordanger skule som i lang tid vart brukt som "ungdomhus" i bygda - heilt frå skulen vart fråflytta i 1914 og til det nye ungdomshuset "Ljosvang" stod ferdig på Fet i 1937.

Santalmisjonen

fekk eige lag i Hafslo på slutten av 1890-talet, og Ungesantalen skipa lag i bygda i 1928.

Hafslo indremisjon

vart skipa i 1897.

Hafslo songkor

vart skipa i 1900 av sokneprest Brøgger.

Norsk luthersk misjonssamband

skipa lag i Hafslo i 1902.

Skjolden Ungdomslag

vart skipa ca. 1900 og bygde ungdomshuset "Huldreborg" i 1917.

Solvorn Ungdomslag

vart skipa i 1912 av Tomas Eldegard. Laget heldt møta sine i skulehuskjellaren. Laget flytta aktiviteten over til det nye samfunnshuset då det stod ferdig saman med skulen i 1982.

Ungdomslaget "Sørlendingen"

vart skipa på Sørheim i 1916. Ungdomshuset "Heimskringla" vart bygt i 1936. Dette huset vart nytta som losji for tvangsutskrivne vedhoggarar under 2. verdskrig. Ungdomslaget har seinare gått over til å verte eit grendalag som eig og driv huset.

Fortun Ungdomslag

vart skipa kring 1900. Men laget låg nede nokre år, og vart skipa på nytt i 1925. Laget fekk overta det gamle skulehuset i bygda - under førsetnad av at det ikkje vart dansa der!

Jostedal Ungdomslag

i Kreken krins - dvs. den midtre skulekrinsen i gamle Jostedal kommune - vart skipa tidleg på 1900-talet. Laget bygde ungdomshuset "Dølaheimen " i 1924. Huset vart mykje modernisert i 1985. Laget slo seg saman med ungdomslaget "Fram " i Sperle krins på 1980-talet.

Ungdomslaget "Fram"

på Sperle i Jostedalen vart skipa tidleg på 1900-talet. I 1926 overtok laget eit gamalt meieribygg og bygde det ut til ungdomshuset "Framheim".
Laget vart på 1980-talet slege saman med Jostedal Ungdomslag.

Myklemyr Ungdomslag

i Jostedalen vart skipa i 1927 og bygde same året ungdomhuset "Bergheim".

Finnemisjonen

fekk lokalt lag i Hafslo i 1927 med Ola Kjos som første formann.

Hafslo skilag

vart skipa i 1934.
Gode skihopparar frå Hafslo på 1940-talet. Frå v. Ola Elveset, Torodd Sterri, Martin Hauge og Anders Nyset. Foto utlånt av Sverre Sterri.

Den norske Sjømannsmisjonen

fekk eige lag i Hafslo i 1935.

Den indre sjømannsmisjon

skipa lag i Hafslo i 1937.

Hafslo Songlag

vart skipa i 1980. I kortare periodar mellom 1900 og 1956 også songkor
i Hafslo.

Fjordstova. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)

Fjordstova AS

i Skjolden vart bygt i 1994. Den inneheld turistinformasjon, samfunnshusfunksjonar, badeland, klatrevegg, husflidutsal, biliotekfilial og kafé.

Jostedal Samfunnhus

vart bygt i tilknyting til sentralskulen på Bjørk i 1980. Her er det også symjebasseng.

Hafslo samfunnshus

vart bygt i 1997. Bygget har ein særmerkt artkitektur og innheld m.a. bibliotek, forsamlingssal og trimrom.

Hafslovatnet rundt

Hafslo Idrettslag vart skipa i 1934, og har sidan 1962 skipa til turlangrennet Hafslovatnet rundt.

Bjønnarennet

Idrettslaget Bjørn i Luster vart skipa i 1966 etter at idrettslaga i Gaupne, Jostedal og Indre Hafslo vart slegne saman. Sidan 1967 har desse laga skipa til det årlege turlangrennet Bjønnarennet.

Musikklag i Luster

Luster Musikklag var det første som vart skipa i 1930.

Luster husflidslag

Det største og mest aktive husflidslaget i Sogn og Fjordane, med kring 100 medlemer.

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no