SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kjende personar i Luster fødde før år 1750

Omtalane er ordna etter fødselsår:

Publisert 23.10.2003 16:54. Oppdatert 12.05.2006 14:29.

Ragnvald frå Ornes

(f. ca. 900). Småkonge, som etter segna skulle vere busett på Ornes i vikingtida. Han var far til Signy, som var opphavet til det fargerike kjærleiksdramaet saman med Hagbart, son til ein lokal høvding i Vetti i Årdal: Kjærleikssoga om dottera på Ornes og Vetti-kongen.

Gaute frå Ornes

(ca. 1150) frå Ornes. Storbonde på Ornes.

Jon frå Ornes

(ca. 1150-1181).

Munan frå Ornes

(ca. 1150 - død etter 1184). Deltok i slaget ved Nordnes i 1181 og slaget ved Fimreite i 1184.

Guttorm frå Sørheim (Sudrheimum)

(ca. 1240) frå Sørheim ved Lustrafjorden. Truleg den første adelsmann på Sørheim-godset.

Arnbjørn Jonsson

(ca. 1180-1240). Baglarleiar og sysselmann.

Alf Basseson - Alf i Kroki

(d. 1305) frå Kroken. Adelsmann.

Kristine Taraldsdotter Smørhette

(f. ca. 1395 - d. 1463) frå Fet i Indre Hafslo. Ho var frå den norske høgadelsætta Smørhatt, og var dotter til riksråden Toralde Sigurdsson Smørhatt.

Johan Kruckow

(ca. 1470- ca. 1539) fødd i Bergen, busett på Sørheim. Riksråd 1524-1536, adelsmann og lensherre i Sogn.

Trond Tollefson Benkestok

(1497-1558), busett på Jordanger. Norsk adelsmann og lensherre.

Jon Olafson Teiste

(ca. 1500-1555) busett i Ytre Kroken. Adelsmann og politikar.

Trond Benkestok

(d. 1558), busett på Jordanger. Norsk adelsmann og lensherre.

Peder Frost

(d. 1608). Fut.

Søffren Lauritzsøn Heiberg

(1575-1653) truleg frå Jylland, busett på Talle i Luster. Jordeigar og fut.

Henrik Nitter

(f. ca. 1580-1632) frå Bergen, busett på Tandla i Gaupne frå 1618 til 1627. Samla seg store jordeigedomar i Sogn, og er stamfaren til Nitter-slekta.

Bernt Arntzen Nagel

(f. ca. 1600 - d. ca. 1670) frå Bergen, busett i Kroken.

Otto Hansen Rafn

(1607-1652) frå Danmark, prest i Jostedal 1635-1652. Vidgjeten for bråsinnet sitt.

Christopher Giertsen

(ca. 1619-1679) frå Bergen, busett på Flahamar. Fut i Sogn, og stor jordeigar.

Mogens Jonson Skancke

(d. 1675) fødd i Innvik, busett i Luster. Prest.

Anders Søfrenssøn Heiberg

(1630-1688) frå Talle. Sorenskrivar og jordeigar.

Ludvig Christophersøn Munthe

(1637-1708) frå Luster, busett i Vik.

Thiis Nagel

(f. ca. 1630-1690) frå Bergen, busett i Solvorn. Handelsmann og stor jordeigar.

Johan Hansson Rue

(1660-1696) frå København, busett på Røneid. Fut og jordeigar. Han vart "stamfar" til ei futeslekt som styrte både i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Trude Christenson Nitter

(1698-1778) frå Solvorn, busett på Tysse i Fjaler.

Gerhard Christofferson Munthe

(1726-1785) frå Ytre Kroken. Kaptein og storbonde.


Neste side:
· Kjende personar i Luster fødde år 1750-1800
Hovudside:
· Kjende personar i Luster




MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no