|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Luster: Mogens Jonson Skancke | Skancke skal ha fått laga ein hemmeleg gang frå prestebustaden (t.v.) til Dale kyrkje. (Foto: Asle Veien, NRK) |
Mogens Jonson Skancke (d. 1675) fødd i Innvik, busett i Luster. Prest. Publisert 24.10.2003 10:43. Han var son av den vidgjetne Jon Mogenson Schanke (Meister-Jo), som var prest i Innvik. Faren vart dømd for konemishandling og svartekunstar, og vart avretta i 1617.
Svarte-MonsMogens Skancke vart prest i Bergen før han tok kall i Luster i 1652, og fekk tilnamnet "Svarte-Mons". I Dale kyrkje fekk han rissa inn og måla ættevåpenet til Skancke-ætta i preikestolen og på ei glasrute: Dette ættevåpnet er ein ryttarstøvel med spore og kneskinne.
Hemmeleg gangDet vert sagt at Skancke fekk bygt ein hemmeleg, underjordisk gang frå Dale-kyrkja til prestegarden like ved.
ÅndemanarPå same vis som faren, vart det sagt om han at han hadde "Svarteboka". Med denne boka i hand seier segna at han kunne mane onde ånder ut av menneske. Såleis skulle han ha mana Satan bort frå både ei ung Lustra-jente og ein dreng i bygda.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|