SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Vågsøy

Riksveg 15 Måløy-Nordfjordeid

Alt i 1890 reiste formannskapa i Selje, Davik og Eid kommunar felles krav om at det måtte byggjast veg frå Ulvesundet og innover mot Stårheim.

Publisert 04.11.2003 11:45. Oppdatert 08.03.2007 13:06.

- Får halde med rideveg

Bakgrunnen for dette var m.a. at torskefisket på kysten opplevde eit eventyrleg oppsving i desse åra, og folk inne frå fjorden hadde trong for å kome seg til og frå kysten, der mange frå fjordane hadde både sjøbuer og båtbruk.
Men vegnemnda i fylket ville ikkje støtte søknaden frå dei tre Nordfjord-kommunane: - Det fekk halde med ein rideveg på denne strekninga, meinte dei. Men truleg vart det reagert sterkt på dette avslaget, for ikkje så lenge etter gjekk vegnemnda inn for å ta prosjektet med i vegplanen.

Det tok 55 år

Men det vart lagt lite vilje bak dette vedtaket: I staden for ein samla plan for heile anlegget, valde ein delløysingar i form av korte vegstubbar bygdene imellom. Det skulle gå 55 år før riksvegen frå Nordfjordeid nådde heilt fram til Måløysundet. Stårheim-Kjølsdalen vart teke opp som bygdevegprosjekt i 1890, men vart ikkje bygd før i åra 1910–1916. Frå gamalt av hadde det gått enkle bygdevegar mellom bygdene Maurstad, Bryggja og Totland, men då Davik kommune i 1899 søkte om same slag stats- og fylkestilskot som Stårheim-Kjølsdalen hadde fått for å byggje veg frå Bryggja til Almenningen, fekk den avslag.

Ferje frå Haus og Maurstad

Riksvegsambandet vestover frå Kjølsdalen var ferdig til Haus i 1928. Derfrå gjekk det ei båtrute/ferje til Måløy. Sambandet vestover til Maurstad vart gjennombrote i 1938, og fram til vegsambandet vest til Deknepollen var gjennombrote i 1943, gjekk det ferje Maurstad-Måløy.

Krigsveg over fjellet

Etter Måløy-raidet i 1941 sette tyskarane mykje inn på å få vegsamband mellom Nordfjordeid og Måløy. Dei bygde då ein mellombels veg over Almenningsfjellet i Vågsøy. Samanhengande køyresamband mellom Nordfjordeid og Måløy var såleis etablert i 1943. Seinare vart den provisoriske "krigsvegen" over øvste fjellet avløyst av tunnel på 335 meter gjennom toppen i 1950.
Tunnelarbeid i Almenningsfjellet rett etter krigen. © Fylkesarkivet

Vegen fram til Deknepollen vart offisielt teken i bruk som riksveg i 1945. Siste parsellane på riksvegsambandet Måløy-Nordfjordeid vart offisielt overleverte i 1950.
- For ferjesambandet Deknepollen-Måløy: Sjå eigen artikkel.
Rutebussen Almenning-Nordfjordeid. Biletet er teke aust for Brunsvik i 1947. © Fylkesarkivet

Ferjefri

Riksvegen Måløy-Nordfjordeid vart ferjefri då Måløybrua på 1224 meter vart teken i bruk 14. desember 1973 – offisielt opna av kong Olav V 11. juni 1974.

To felt

På 1980-1990-talet er riksveg 15 frå Måløy mot Nordfjordeid utbetra til tofelts veg. Siste parsellen Deknepoll-Almenning vart fullført i 2002.

I samband med utbetringa av riksveg 15 vart Krokabergtunnelen på 525 meter og Brunsviktunnelen på 707 meter bygde mellom Almenning og Totland.

MEIR OM VÅGSØY 
Vågsøy kommune

 
Aviser og media i Vågsøy
Historia i Vågsøy
Industri og næring i Vågsøy
Kjende personar i Vågsøy
Kommunehistoria i Vågsøy
Krigshistoria i Vågsøy
Kyrkjer i Vågsøy
Samferdsle i Vågsøy
Skular i Vågsøy
Verd å sjå i Vågsøy

 
Lyd frå Vågsøy
Video frå Vågsøy
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no