Blålidneset ligg søraust for Måløysundet, ved innløpet til Nordfjord. Like austafor Blålid ligg Vemmelsvik.
På begge stader bygde tyskarane store kystfort som saman med kanonane på Tangane (sjå
Krigshistoria i Bremanger) på sørsida skulle sperre innløpet til Nordfjord.
Fortet i Vemmelsvik
var ferdig i august 1942. Her var det rigga opp fire franske 105 mm feltkanonar, to tyske 50 mm kanonar, to 20 mm luftvernkanonar, fire mitraljøsereir, tolv flammekastarar, og dessutan tre store lyskastarar. På nordsida av fortet hadde tyskarane eit uferdig minebelte med 46 miner då krigen var slutt.
Eige kasino
Mannskapet på 95 mann var samansett av to offiserar, 16 underoffiserar og 77 menige soldatar. Tyskarane nådde ikkje å byggje ferdig ein stor kommandobunker med plass til forlegning av 70 mann før krigen var slutt. Soldatar og russiske krigsfangar som vart nytta til å byggje anlegget, var forlagt i 10 brakker som var spreidde innover grenda. Offiserane fekk installert eige kasino (!) i offisersmessa, og her var bibliotek og kinosal og eiga sjukestove.
Etter krigen nytta det norske forsvaret anlegget i Vemmelsvik i fem år før det vart lagt ned. Dei store kanonane stod til 1982, då Forsvaret flytta dei til eit museum på Hegra festning i Trøndelag.
Fortet i Blålid
var stridsklart i april 1944. Kanonane vart då flytta frå eit fort på Flokeneset ved Førdefjorden. Hovudskytset var fire franske 105 mm kanonar, ein russisk 45 mm panservernkanon, ein engelsk 25 mm kanon, to tyske 20 mm luftvernkanonar, fire mitraljøser og tolv flammekastarar. Fortet hadde også to store lyskastarar. Kring fortet vart det lagt ut 1613 miner.
Jaga silvilbefolkningen
Mannskapet på 88 mann var samansett av ein offiser, 16 underoffiserar og 71 menige. Bygdefolket vart jaga bort og soldatane innkvarterte i rekvirerte privathus.
Litt opp i bakkane var det bygt ein bunker for kommandoplass og sambandssentral.
Tilliks med Vemmelsvik vart dei store kanonane i Blålid demonterte i 1982 og flytta til museum på Hegra festning i Trøndelag.
Sjå og
Krigshistoria i Vågsøy,
Krigshistoria i Vågsøy og
Store festningsanlegg i Vågsøy.